Veltepetter
Veltepetter viser til syklar med svært store framhjul og små bakhjul som blei laga i den tidlege utviklinga av sykkelen. Den første veltepetteren blei laga i 1869, og dei var vanlege i to tiår, fram til utvikla av den moderne «tryggleikssykkelen» på 1880-talet.[1]
Opphav
endreFranske Eugène Meyer fann opp det stabiliserte spilehjulet og ein sykkele med større framhjul i 1869.[2] Rundt 1870 byrja mellom anna den engelske oppfinnaren James Starley og andre å laga syklar med stadig større framhjul.[3] I 1878 byrja amerikanske Albert Pope å laga slike syklar utanfor Boston, og starta ei sykkeldille i Nord-Amerika.[3]
Skildring
endreFramhjulet på ein veltepetter kunne ha ein diameter på opptil 1,5 meter. Hjulet blei laga slik for å retta opp i eit problem med tidlegare velosipedar med to like store hjul - ein måtte trø svært raskt for å oppnå høg fart. Som på tidlegare velosipedar hadde veltepetteren pedalar feste til framhjulet.
Det store framhjulet var først mogleg å laga etter at ein tok i bruk jernspiler for å byggja opp og stabilisera hjulet. Bakhjulet ble gjort mindre for å gjera fargreia lettare. Det kunne vera vanskeleg og farleg å sykla på den nye velosiped-versjonen, og etterkvart blei han kjend som «veltepetter» i Noreg.[4]
Sjølv om veltepetter-varianten av sykkel var kortliva, blei han eit symbol på den seine viktoriatida. Det var også med denne sykkelen av sykling som idrett og fritidsaktivitet blei utbreidd.[3]
Galleri
endre-
Veltepetter i Sverige, 2008
-
Sykelløp med veltepetter i Ystad 2021.
Kjelder
endre- ↑ Brown, Sheldon. «Sheldon Brown Glossary High Wheeler». Henta 15. mai 2008.
- ↑ Tony Hadland and Hans-Erhard Lessing (2014). Bicycle Design, an Illustrated History. MIT Press. s. 92. «Eugene Meyer ... gets the credit for making the high-wheeler feasible and making it known.»
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Herlihy, David V. (2004). Bicycle, The History. Yale University Press. s. 155–250. ISBN 0-300-10418-9.
- ↑ «sykkel» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Penny-farthing» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2017.