Velure Rock er ein liten rockefestival som hadde oppstart i august 2008, i den vesle grenda Velure på vestsida av Sørfjorden i Ullensvang herad. Det går ofte snøskreder på Velure på vårparten, den såkalla Velure-skredo, og det er difor bygt skredoverbygg over Riksveg 550 der. Konsertane fann stad oppå det eine skredoverbygget.

Festivalen bestod av berre éin konsertkveld. Banda som spelte ved oppstarten, var Blind Torsk, HardAnger Society og Major Parkinson. Festivalstyret vona at iallfall 200 stk ville koma, for å få arrangementet til å gå i pluss. Då det kom over 400, planla styret å halda fram med Velure Rock i åra framover. I august 2009 vart konsertkvelden arrangert på nytt, med bandet Skambankt som hovudtrekkplaster.

Kjelder endre