Fylkesveg 550
(Omdirigert frå Riksveg 550)
Fylkesveg 550 | |||
---|---|---|---|
550 | |||
Strekning | |||
Odda – Tørvikbygd i Kvam | |||
Informasjon | |||
Lengd | 80,8 km | ||
Status | fylkesveg nasjonal turistveg | ||
Ferjestrekningar | 1 | ||
Tilstøytande vegar | |||
![]() |
Fylkesveg 550 (Fv550) går mellom Odda og Tørvikbygd i Kvam. Ferjesambandet mellom Utne og Kvanndal er del av Rv550. Vegen (bortsett frå ferjestrekningane) er 80,8 km lang.
Strekninga mellom Utne og Jondal er føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne. Veistrekninga vart bygd parsellvis mellom 1874 og 1965.[1]
Vegen mellom Utne og Jondal er ein del av Nasjonal turistveg Hardanger.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunktEndra
Hordaland Endra
- Odda
- 551 Eitrheim
- Eitrheimtunnelen (1682 m)
- Ednatunnelen (231 m)
Ferjekaien på Utne. Ny biloppstillingsplass vart bygd på 1980-talet. Då vart også vegen omlagt frå krysset oppom Utne kyrkje. Trafikken til og frå ferja gjekk tidlegare opp ei smal, svingete og bratt brekke som går opp like ved hotellet. Vegen innom Utne vart lagd ned nærare fjorden. Før det kunne gjerast måtte friluftsmuseet til Hardanger Folkemuseum flyttast.
- Fv109 frå Nå til Reiseter (3,6 km)
- Agatunnelen (607 m)
- Herand
- Jonatunnelen (731 m)
- Monsatunnelen (137 m)
- Fv105 frå Jondal til Krossdal (9,8 km), Fv107 til Hesvik i Kvinnherad (26,3 km)
- Ferje frå Jondal (20 min, 1 tur/time)
- til Tørvikbygd ferje
- 49 Tørvikbygd
ReferanseEndra
- ↑ Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine. (sjå avsnitt om Jondal-Utne)