Venediger-massivet
Venediger-massivet er eit område i fjellkjeda Hohe Tauern i Alpane i Austerrike. Venediger-massivet ligg i forbundslanda Salzburg og Tirol og strekker seg litt inn i Italia. Großvenediger er den høgste fjelltoppen i massivet og når 3 657 meter over havet.
Venediger-massivet ligg lengst nordvest i Hohe Tauern. Av fjellområda i Hohe Tauern er Venediger-massivet det med flest isbrear. Her er meir enn 100 fjelltoppar over 3 000 moh.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Venedigergruppe» frå Wikipedia på tysk, den 19. august 2014.