Seglfartøyet jakt

Ei jakt er eit einmastra seglfartøy. Vanleg seglføring er gaffelstorsegl, toppsegl, og tre stagsegl. Det var òg vanleg med breifokk og skværtoppsegl framom masta. Masta er pålemaster utan skøyt. Jakteskroget er fyldig, har stor akterspegel med utvendig hengsla ror[1]. Lengda kunne vera 15-25 m og breidda opp mot 1/3 av legda[2]. Jaktene var difor ikkje like breie i høve til lengda som jektene. Ein annan skilnad er at jaktene fekk fast dekk tidlegare enn jektene.

Jakt med gaffelstorsegl, toppsegl, klyver, jagar, skværtoppsegl og breifokk.
Foto: Axel Lindahl

Utvikling endre

Namnet jakt kjem frå det nederlandske jacht. Dei nederlandske farkostane var gaffelrigga skarpseglarar som dukka opp på 1600-talet. men den norske jakta var eit heller fyldig fraktefartøy. Ho er truleg ei vidareføring av ein felles europeisk båttype med tradisjon attende til 1600-1700 talet[3].. Det ser ut som dei første jaktene i Noreg heldt til på Aust- og Sørlandet. Dei er nemnde i kjeldene litt før 1700. På 1700-talet vart jaka vanleg òg på Vestlandet[3]. Ho tok over ein del av fraktetrafikken som tidlegare gjekk med jekter. Det kan sjå ut som det har vore ein del samanblanding av fartøynemnigane jakt og jekt. Nemningane «jakt» og «jekt» er så like at dei nokre stader vart nytta om kvarandre. I Hardanger var ei jekt det same som ein «snøggsiglar» og jaktene vart òg kalla jekter. Lengst sør i Hordaland, og i Rogaland og Agder vart jaktene kalla jekter, sjå til dømes[4]. I nokre kjelder vert jakt kalla bomsegljekt.

Dei eldste jakta ein kjenner utsjånad på finn vi på skutemaleri tidleg på 1800-talet. Dei eldste jaktene var var klinkbygde, men etter kvart gjekk ein over til kravelbygging. Dei hadde veng med vindaugo i akterspegelen. Dei eldste jaktene hadde opa rekke, dei mangla skansekledning. Men etter kvart vart det vanleg med skansekledning, som ofte hadde same høgd som vengen.

Styrmannen stod framom vengen og styrte med ein lang rorkult. Det var vanleg med hekkbjelkar til å henge lettbåten i. Framstamnen var oftast krum. Dei eldste jektene kunne vere utan dekk eller ha halvdekk. Men etter kvart vart det vanleg å utstyra jaktene med dekk.

Tidleg på 1800-talet hadde jakta svært høg rigg, utan toppsegl. Av råsegl var ei stor breifokk vanleg. Jakta endrar seg etter kvart både i skroget og i riggen. Etter 1850 var den typen som vert kalla Hardangerjakt vanleg, særleg på Vestlandet. Denne jaktetypen hadde ikkje lenger krum framstamn. Dei var noko smalare bygde, og dei hadde meir spring enn det som var vanleg på andre jakter. Det vart òg vanleg med breifokk og skværtoppsegl.

Jaktefart endre

Jakta har vore svært viktig for varetransporten innanlands i Noreg. Kring 1900 segla om lag 3700 fartøy i innanriksfart. Av desse var minst 2500 jakter.

Nordlandsfarten endre

Mange jakter frå Vestlandet frakta saltfisk frå Nord-Noreg. Dei la seg til i fiskeværa og kjøpte fisken, oftast torsk, direkte frå fiskarane som leverte fangsten om bord. Der vart fisken flekt og salta. Når jakta hadde last, eller fisket var slutt, segla ho ofte til stader der fisken vart vaska og tørka. Så vart han lasta om bord att og ført til eksportørar sørpå.

Sildefrakt endre

 
Jakter under sildefiske i Bodø i 1870.
Foto: Thorstein Brændmo

Ein høyrer om sildefrakt med jakter frå tidleg på 1800-talet. Då var det ofte usalta sild som vart frakta laus i rommet. Det var reglar for kor mykje sild som kunne fraktast, og kor langt ein kunne frakte. Dette for å unngå at silda skulle verte bederva.

Etter kvart vart oppkjøp og salting av sild ei viktig inntektskjelde for jakteeigarar. Feitsilda, sommarsilda, vart for det meste fanga på Helgelandskysten og kring Lofoten. Det var meir varierande kvar vårsilda dukka opp. Det kunne vere ein stad mellom Agder og Møre. Sildefiskarane drog dit silda var. Og etter dei følgde oppkjøparar og fraktefartøy. Silda vart gana og salta i tønner om bord i fraktefartøya. Så segla dei til ein av sildebyane på vestlandet for å selje silda. Var prisen for dårleg, hende dei segla ut av landet, til dømes til svenskekysten og selde lasta der.

Ofte forgjekk sildefiske på stader der det var uråd å skaffe hus til fiskarane som dreiv i opne båtar. Mange jakter vart innreidde som primitive losjifartøy. Medan det i 1868 var 930 fartøy som frakta sild var det 1039 losjifartøy under sildefisket[3].

Godsfrakt endre

Jakter og andre små seglfartøy som galeasar og sluppar stod for mykje av godstransporten til byane. Landbruksvarer og byggematerialar vart ofte frakta på gamle og dårlege farkostar med lite mannskap. Dei var heilt avhengig av vinden, sjølv om den underordna av mannskapet kunne verte sett til å buksere med ein robåt. Det var ofte unge gutar som måtte gjere dette. Denne jaktefarta heldt seg lenge. Ut på 1920-talet var det segljakter som frakta sand frå Svelvik til Oslo. På Vestlandet vart det i tillegg til Bergen frakta varer austover, like til Kristiania. På tilbaketuren vart det gjerne frakta trelast.

Passasjerfrakt endre

Før maskindrevne fartøy vart sett inn i rutetrafikk var det vanskeleg å planlegge sjøreiser. Ofte var det å få seg far med fraktefartøy den vegen ein hadde tenkt seg. Vi finn likevel at det var jakter som segla langs kysten mellom anna frå Mandal til Kristiania som hadde passasjerfrakt som ein viktig del av transportgrunnlaget.

Slutt på segljaktene endre

Etter som motorar vart eit konkurransedyktig alternativ til segldrift, fekk mange jakter innsett motor. Dei vart noko nedrigga men brukte lenge segl til framdrift og stødigare framkomst. Etter andre verdskrigen ser ein at dei jaktene som enno var i drift berre brukte motor til framdrift.

Galleri endre

Referansar endre

  1. J. Winge, Trebåter - Norsk kulturhistorie på sjøen, Schibsted forlag, 2002.
  2. J.B. Godal, Tre til båtar, Landbruksforlaget, 2001.
  3. 3,0 3,1 3,2 G. Gøthesen, Norskekystens freaktemenn - Om seilfartøyer i kystfart, Norske båter bind II, Grøndahl & søn forlag A.S., 1980.
  4. Brødrene af Sand - Ryfylkemuseet