Vennesla kyrkje er ei langkyrkje i Vennesla kommune i Agder. Kyrkja vart rapportert ferdig i oktober 1829, men vart ikkje innvigd før 22. august året etter.

Vennesla kyrkje
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Vennesla
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Otredal
Sokn Vennesla
Fellesråd Vennesla
Material Stein og tre
Innvigd 22. august 1830
 - Endringar 1886, 1925, 1967–68
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Jacob Mørk, 1951
Altartavle Renessansestil, 1638
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1975
Sitjeplassar 240
Kart
Vennesla gamle kyrkje
58°16′35″N 7°58′09″E / 58.27628694°N 7.969208°E / 58.27628694; 7.969208
Wikimedia Commons: Vennesla gamle kirke

Skipet og koret er av stein, medan sakristiet i aust og vesttårnet med sidebygg er av tre. Kyrkja avløyste ei kirke frå første halvdel av 1600-talet. Tårnet vart gjort høgre i 1886, og interiøret vart restaurert i 1925.

Vennesla kyrkje er prostikyrkje i Otredal prosti.

Det er kyrkjegard attmed kyrkja og på den andre sida av fylkesveg 405.

Litteratur endre

  • Sagedal, Arnfinn (1980). Sølvtråden. Festskrift ved Vennesla kirkes 150-årsjubileum. Vennesla menighetsråd. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 465. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff endre