Venstreforbundet
Venstreforbundet (fi. Vasemmistoliitto, Vas.) er det sosialistiske venstrepartiet i Finland. Partiet blei skipa i 1990,[2] etter at tanken om eit nytt venstreparti var lansert alt i 1987. Grunnleggjarane av partiet var det Demokratiske Forbundet for Finlands Folk, det Demokratiske Forbundet av Finske Kvinner og fleirtalet i det finske kommunistpartiet SKP. Desse oppløyste seg alle i Venstreforbundet.
Venstreforbundet | |||
| |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Minja Koskela[1] | ||
Grunnlagt | april 1990 | ||
Hovudkvarter | Helsingfors | ||
Medlemstal | 10 500 (2011) | ||
Ideologi | demokratisk sosialisme, grøn sosialisme |
Leiaren i Venstreforbundet er Li Andersson. Det har ho vore sidan 2016.
Oppslutninga om partiet har lege stabilt rundt 10 prosent ved parlamentsvala heilt sidan starten.
Venstreforbundet er med i det nordiske venstrepartisamarbeidet Nordic Green Left Alliance.
Leiing
endrePartileiarar
endre- 1990–1998: Claes Andersson
- 1998–2006: Suvi-Anne Siimes
- 2006–2009: Martti Korhonen
- 2009–2016: Paavo Arhinmäki
- 2016– : Li Andersson[2]
Kjelder
endre- ↑ «Minja Koskela Vasemmistoliiton uudeksi puheenjohtajaksi – lupaa tiukkaa oppositiopolitiikkaa»; vitjingsdato: 21. oktober 2024; kortnamn på forfattar: Pekka Kinnunen; utgjevingstidspunkt: 19. oktober 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «Venstreforbundet» i Store norske leksikon, snl.no.