Nordic Green Left Alliance

Nordic Green Left Alliance er ein partiallianse av dei nordiske sosialistiske venstrepartia. Alliansen blei skipa 31. januar 2004 på eit møte i ReykjavikIsland. Med i NGLA er Venstrepartiet dei grøne (VG) frå Island, Venstreforbundet (Vas) frå Finland, Vänsterpartiet (v) frå Sverige, Socialistisk Folkeparti (SF) frå Danmark og Sosialistisk Venstreparti (SV) frå Noreg. Formålet med alliansen er å styrkje samarbeidet og kontaktane mellom dei nordiske venstrepartia, og det internasjonale samarbeidet deira generelt, både på europeisk og globalt plan.

Nordic Green Left Alliance

GeneralsekretærMia Haglund
Grunnlagt1. februar 2004
Ideologidemokratisk sosialisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonvenstresida

I plattforma for alliansen står det mellom anna at partia baserer det politiske arbeidet sitt på internasjonal solidaritet, sosial rettferd og jamnare fordeling av goda i samfunnet, likestilling mellom kjønna, og solidaritet med dei kommande generasjonane gjennom ei berekraftig utvikling.

Samarbeidet mellom dei nordiske venstrepartia har pågått uformelt i mange år, og har auka på dei seinare åra. Derfor bestemte partia seg for å systematisere og formalisere dette, og utvikle ei felles politisk plattform og statuttar. I statuttane blir det blant anna understreka at alle dei deltakande partia er heilt sjølvstendige, og at samarbeidet byggjer på det konføderale prinsippet om semje.

Kjelder endre

Bakgrunnstoff endre