Venuspassasje

(Omdirigert frå Venus-passasjen)

Venuspassasje er namnet på det astronomiske fenomenet at planeten Venus i bana si ikring sola (som ligg innanfor den bana jorda fylgjer rundt sola), unntaksvis passerer mellom sola og jorda på ein slik måte at Venus er å sjå på si ferd rett framfor solskiva. Sett frå jorda, passere Venus framfor solskiva som ei lita svart skive, og vil trenge fleire timar på å kome forbi den aktuelle delen av solskiva, avhengig av frå kva stad på jorda Venuspassasjen vert observert. Dette er eit godt døme på kor små planetane er i høve til sola. Planetane jorda og Venus er rekna for å tilhøyre den same storleiksklassa.

Venuspassasjen i juni månad 2012 fotografert frå Minneapolis. Venus er her å sjå som ei lita svart skive øvst til høgre på solskiva.

Venuspassasjar er sjeldne. Sidan 1631 har dette berre skjedd i 1693, 1761, 1769, 1874, 1882, 8. juni 2004 og 6. juni 2012.

1700-talet var Venuspassasjen sentral i den astronomiske diskusjonen, han vart nemleg brukt til å måle avstanden mellom sola og jorda, ved å måle tidspunktet for når passasjen starta og slutta på ulike punkt på jorda.

Ein av ekspedisjonane i 1769 drog til Vardø for å observere passasjen. Dei fekk gode observasjonar, men observasjonane fekk ikkje den vitskaplege innverknaden dei burde ha hatt, i og med at ekspedisjonsdeltakarane måtte reise langt etterpå, måtte vente på audiens hos Kongen, og ikkje fekk publisert resultata sine før dei sentrale utrekningane hadde vorte gjort.

Sjå au endre

Bakgrunnsstoff endre