János Sajnovics de Tordas et Káloz (fødd 1733 i Tordas, daud 1785) var ein ungarsk jesuitt og lærd som arbeidde med språkvitskap, matematikk og astronomi. Han var den første som slo fast språkslektskapen innanfor dei finsk-ugriske språka.

János Sajnovics

Fødd12. mai 1733
Tordas
Død4. mai 1785
Buda
NasjonalitetUngarn
Yrkeantropolog, astronom, matematikar, lingvist
Demonstratio. Idioma Ungarorum et Lapponum idem esse.

I 1769 reiste Sajnovics til Vardø med ekspedisjonen som skulle undersøke Venuspassasjen som del av danskekongen sin ekspedisjon. Der samanlikna han også, i lag med Anders Porsanger, dei to språka nordsamisk og ungarsk. I 1770 publiserte han undersøkinga Demonstratio. Idioma Ungarorum et Lapponum idem esse, der han på grunn av fonologiske og morfologiske kriterium slo fast at samisk, finsk og ungarsk hadde same opphav.

Sajnovics var sannsynlegvis den einaste som brukte fonologiske og morfologiske kriterium for å slå fast språkslektskap. William Jones slo fast at dei indoeuropeiske språka var i slekt først i 1786. Sajnovics er dermed grunnleggjaren av den historisk-komparative språkvitskapen.

Bibliografi

endre
  • Sajnovics , Joannis 1770: Demonstratio idioma Ungarorum et Lapponum idem esse. Tyrnaviae : Societatis Jesu
  • Sájnovics, János 1972: Beweis, daß die Sprache der Ungarn und Lappen dieselbe ist / Johannes Sajnovics ; (aus dem Lateinischen übertragen von Monika Ehlers) ; mit Anmerkungen und Nachwort herausgegebenvon Gyula Décsy und Wolfgang Veenker. Veröffentlichungen der Societas Uralo-Altaica