Jupiterbreen
Jupiterbreen er ein isbre på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis, 19 km lang og 9 km brei ved munningen, som flyt aust og ut i George VI Sound til sør for Ablation Valley. Isbreen ligg nord for Planet Heights, og sjølv om Jupiterbreen ikkje ligg i fjellkjeda vart han i lag med andre nærliggande brear kalla opp etter planetar i solsystemet. Det første fotografiet frå lufta vart teken den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth og han vart kartlagt frå desse bileta av W.L.G. Joerg. Han vart grovt kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE). Han er kalla opp etter planeten Jupiter av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) etter kartlegginga deira i 1948 og 1949.
Jupiterbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 70°57′S 68°30′W / 70.950°S 68.500°W | ||
Lengd | 19 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Jupiterbreen 70°57′S 68°30′W / 70.95°S 68.5°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Jupiter Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).