Venuspassasje

(Omdirigert frå Venuspassasjen)

Venuspassasje er namnet på det astronomiske fenomenet at planeten Venus i bana si ikring sola (som ligg innanfor den bana jorda fylgjer rundt sola), unntaksvis passerer mellom sola og jorda på ein slik måte at Venus er å sjå på si ferd rett framfor solskiva. Sett frå jorda, passere Venus framfor solskiva som ei lita svart skive, og vil trenge fleire timar på å kome forbi den aktuelle delen av solskiva, avhengig av frå kva stad på jorda Venuspassasjen vert observert. Dette er eit godt døme på kor små planetane er i høve til sola. Planetane jorda og Venus er rekna for å tilhøyre den same storleiksklassa.

Venuspassasjen i juni månad 2012 fotografert frå Minneapolis. Venus er her å sjå som ei lita svart skive øvst til høgre på solskiva.

Venuspassasjar er sjeldne. Sidan 1631 har dette berre skjedd i 1693, 1761, 1769, 1874, 1882, 8. juni 2004 og 6. juni 2012.

1700-talet var Venuspassasjen sentral i den astronomiske diskusjonen, han vart nemleg brukt til å måle avstanden mellom sola og jorda, ved å måle tidspunktet for når passasjen starta og slutta på ulike punkt på jorda.

Ein av ekspedisjonane i 1769 drog til Vardø for å observere passasjen. Dei fekk gode observasjonar, men observasjonane fekk ikkje den vitskaplege innverknaden dei burde ha hatt, i og med at ekspedisjonsdeltakarane måtte reise langt etterpå, måtte vente på audiens hos Kongen, og ikkje fekk publisert resultata sine før dei sentrale utrekningane hadde vorte gjort. I ettertida har denne ekspedisjonen vore meir kjend for at ungararen János Sajnovics var med for å undersøke om samisk og ungarsk var i slekt, noko han fann ut at dei var. Denne oppdaginga markerer starten på den vitskaplege utforskinga av språkhistoria.

Sjå au

endre

Bakgrunnsstoff

endre