Verdscupen i langrenn 1985/Kvinner

Verdscupen i langrenn for kvinner i 1985-sesongen omfatta 14 tevlingar, av dei 10 individuelle renn og 4 stafettar. Tevlingane tok til 13. desember 1984 og vart avslutta 17. mars 1985. Dei ti individuelle renna bestod av tre tevlingar over 5 kilometer, fem over 10 km og tre 20-kilometerar. Renna fann stad i Val di Sole (2) i Italia, Davos i Sveits, Seefeld (3) i Austerrike, Klingenthal i Aust-Tyskland, Nové Město na Moravě i dåverande Tsjekkoslovakia, Syktyvkar i dåverande Sovjetunionen, Lahti i Finland, Falun (2) i Sverige og Oslo (2) i Noreg.

Fire norske langrennarar toppa verdscuplista ved sesongslutt. Anette Bøe vann FIS-pokalen, på dei neste plassane kom Grete Ingeborg Nykkelmo, Brit Pettersen og Berit Aunli. Bøe sigra i fem tevlingar, Pettersen, Aunli og Nykkelmo i eit renn kvar. Raisa Smetanina frå Sovjetunionen og svenske Marie Risby var dei einaste som vann eit renn utanom dei norske kvinnene.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng
1 Anette Bøe   Noreg 144
2 Grete Ingeborg Nykkelmo   Noreg 123
3 Brit Pettersen   Noreg 113
4 Berit Aunli   Noreg 96
5 Evi Kratzer   Sveits 94
6 Anfisa Romanova   Sovjetunionen 91
7 Ute Noack   Aust-Tyskland 91
8 Marie Risby   Sverige 85
Raisa Smetanina   Sovjetunionen 85
10 Marja-Liisa Hämäläinen   Finland 80
11 Anne Jahren   Noreg 74
12 Julija Sjamsjurina   Sovjetunionen 60
13 Antonina Ordina   Sovjetunionen 53
14 Ljubov Zimjatova   Sovjetunionen 51
15 Lilija Vasiltsjenko   Sovjetunionen 47
16 Tamara Tikhonova   Sovjetunionen 47
17 Viera Klimková   Tsjekkoslovakia 42
18 Simone Opitz   Aust-Tyskland 42
19 Marianne Dahlmo   Noreg 40
20 Karin Lamberg   Sverige 40
Dagmar Švubová   Tsjekkoslovakia 40
22 Alžbeta Havrančíková   Tsjekkoslovakia 39
23 Marie Johansson   Sverige 34
24 Anna-Lena Fritzon   Sverige 32
25 Gaby Nestler   Aust-Tyskland 32

Kjelder

endre
  • Sportsboken 85-86. Sportsboken As. Stavanger 1985.