Verknadsgrad
Verknadsgrad er tilhøvet mellom tilført energi og utnyttbar energi, t.d. for ei maskin.
Ei varmekraftmaskin som arbeider mellom to temperaturar T1 og T2 målt i kelvin, K, har ein maksimal verknadsgrad η = (T1 – T2)xT1 for ein ideell, reversibel maskin.
Nytteverknadsgraden for alle praktisk brukbare maskiner er langt mindre, høgast for dieselmotorar med ideell verknadsgrad 85 % og nytteverknadsgrad opptil 45 %. For dampturbinar er nyttverknadsgraden opptil 35 %, for forbrenningsmotorar 24 % og for dampmaskiner 10–15 %. Reint mekaniske maskinar, t.d. turbinar, og elektriske maskiner kan ha verknadsgrad på over 90 %.
Kjelder
endre- virkningsgrad. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/virkningsgrad