Verma stasjon er ein jernbanestasjon utan passasjertrafikk på Raumabana i bygda Verma i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Verma ligg om lag 35 kilometer aust for Åndalsnes.

Verma stasjon

Foto: Anders Beer Wilse (1924)

Stasjonsområde
Stad Verma
Distanse 418,09
Opna 25. november 1923
Arkitekt Jernbanens Arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad
Linjer og rutedrift
Overgang
Kart
Verma stasjon

Trafikale høve

endre

Stasjonen opna i 1923 og var endestasjon i eitt år inntil Raumabana opna til Åndalsnes. Verma vart ubemanna i 1970, men stasjonen vert framleis bemanna viss det er behov for ekstra kryssingar. Stasjonen mista passasjertrafikken på 1990-talet.

Kryssingssporet på Verma er 315 meter langt. Det fans spor til lokstallen og gjennomgåande rampespor til godsrampa. Rampesporet er forkorta og ikkje lenger gjennomgåande, men framleis i bruk i 2024.

Betening

endre

Verma hadde ikkje stasjonsmeistere, men bestyrarar av ein litt lågare grad.[1]

  • Halvdan Odmund Lie, f. 1886, bestyrar frå 19.11.1923 - 28.11.1924
  • Peder Jørgensen, f. 1879, frå 19.11.1924.
  • Engebret Skjæret, f. 1874, frå 29.6.1929
  • Einar Holland, f. 1897, bestyrar frå 24.4.1933
  • Rolf Eliassen, f. 1898, bestyrar frå 30.12.1940
  • Bjarne I. Andersen, f. 1901, bestyrar frå 4.8.1949
  • Kristian A. Gulbrandsen, f. 1904, bestyrar frå 22.9.1951
  • Gunnar E. Ødegård, f. 1916, bestyrar frå 25.1.1956
  • Odd Erling Skjølsvoll, f. 1923, bestyrar frå 6.11.1961
  • Hans E. Kolstad, f. 1922, bestyrar frå 14.10.1963-29.5.1970

Stasjonsbygninga

endre

Stasjonsbygninga var teikna av Jernbanens arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad, og var av "Type for Raumabanen", den same bygningstypen som til dømes Bottheim, Lora og Lesjaskog. Byggekostnadane for stasjonsbygninga var 115 837 kroner og heile stasjonsanlegget kosta 674 550 kroner.[2]

Bygninga er reist i lafta tømmer og kledd med liggjande trepanel. Gavlane har ståande vekselpanel. Døra til venterommet og gavlvindauga er ramma inn med ormantikk i nyrokokko. Bygninga har skifertekt saltak. Ekspedisjonsrommet er bygd ut mot plattforma med plass for innvendig stillverk. Fyrste etasje hadde venterom, ekspedisjonslokalar og telegrafistrom. Andre etasje hadde ein tenestebustad med inngang frå baksida og overnattingsrom for beteninga. I kjellaren var det rom for matlagring, kledevask og brensellager. Godshuset var i ei einetasjes sidefløy. Bygninga fekk vannklosett rundt 1960, og privétbygninga vart riven. I 1976 vart ein del av venterommet bygd om til kvilerom og garderobe for baneavdelinga.

Annan infrastruktur

endre

På Verma var det òg ein provisorisk lokomotivstall (riven), svingskive, vedbu, privétbygning (riven), kvilerom og dresinbu (rivne i etappar frå 1990-talet til om lag 2010), samt Ormheim vaktarbustad. Ormheim var ei anleggsbrakke som vart flytta til staden, og hadde tidlegare vore ingeniørbolig og landhandel.

Kulturminnet

endre

Verma stasjon er i umiddelbar nærleik til landemerket Kylling bru.

I følge NSB si bygningsregistrering fra 1981 var stasjonsbygninga "i god stand" og med middels verneverdi. [3]

Den landsomfattande "Verneplan for jernbanebygninger" (1993) foreslo å verna Lesjaverk stasjon, men etter at NSB nekta vart Verma stasjon foreslege av Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal, noko som styringsgruppa tok inn i planen. Vernet vart vedteke av Riksantikvaren i 1997. Årsaka var at stasjonstypen representerar fleire stasjonar som er lokalt tilpassa Raumabana, nærleiken til Kylling bru og minnesteinane fra opninga utanfor stasjonsbygninga.[4]

Strekningsvern Bjorli - Åndalsnes

endre

Verma stasjon ligg på ei verna strekning. Den 58 kilometer lange strekninga frå Bjorli til Åndalsnes vart foreslegen verna i Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen (2004) på grunn av banas spektakulære plassering og velbevarte opprinnelege preg. Verneklassa var kategori C, dvs. bane med aktiv drift der moderne togdrift skal ta omsyn til kulturminnet.[5]

«

Vernevurdering (utdrag)
Raumabanen er en av Norges tidligste og fremste turistbaner. Allerede fra åpningen ble det satset på turisme, og strekningen Åndalsnes - Bjorli var velegnet for ekstratog for reisende med cruiseskip som la til i Åndalsnes. Landskapet er på hele strekningen dramatisk. "Verma-avsnittet" er spektakulært, med vendesløyfen, Kylling bro og Vermafossene som de største attraksjonene. Her er det konstruert og bygget jernbane gjennom et landskap som i utgangspunktet er helt uegnet for jernbanebygging.

Raumabanen viser i hovedsak et norsk jernbaneanlegg anno ca. 1920, bygget med datidens teknikker, utstyr og materialbruk. Anlegget er dessuten gjennomført på en forbilledlig måte hva terreng tilpasninger og formgiving av elementene angår. Banen representerer "steinepoken" ved de norske jernbaner. Tunnelportaler, forstøtningsmurer, kulverter, stikkrenner og broer er alt sammen kunstferdig oppmurt av lokal stein, noe som gjør at baneanlegget framstår som en helhet. Ytterligere ett element som beriker strekningen i jernbanehistorisk sammenheng er den intakte stolpekursen.

»

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabana. s. 58. ISBN 8291317011. 
  2. Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 102. 
  3. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. s. 22–27. 
  4. Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1993). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Oppdatert 1993. s. 43. 
  5. Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del I. Strekningsvern. Jernbaneverket. s. 2, 56-58. 

Bibliografi

endre

Bakgrunnsstoff

endre