Vermund

ein anglisk konge, ættefar til kongeætta i Mercia

Vermund eller Garmund var ein anglisk konge, ættefar til kongeætta i Mercia. Etter nokre kjelder er han soneson av Odin, og son av ein Withlæg eller Vigleik. Saxo Grammaticus er ikkje samd i denne framstillinga. Vermund skal ha levd tidleg på 400-talet.

Om Vermund heiter det at han rådde i mange år, og at styringstida hans var fredeleg. Mot slutten av livet vart riket hans herja av ein Athisl, hovding for myrgingane (Eadgils på angelsaksisk, mogleg identisk med sveakongen Adils). Dette vart hemna og retta opp av sonen til Vermund, Uffe av Angeln.