Veroli

kommune i Italia

Veroli er ein by og ein kommune i provinsen Frosinone i regionen Lazio i Italia. Kommunen har i kring 21 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 120 km². Byen Veroli ligg 594 meter over havet, 13 kilometer nordaust om provinshovudstaden Frosinone.

Utsyn mot gamlebyen i Veroli

Landskap endre

Gamlebyen i Veroli med sine 3 500 ibuarar ligg på ein åstopp mellom elvane Sacco og Liri. Flesteparten av ibuarane i kommunen bur i dalen mellom gamlebyen og klosteret Casamari. Kommunen strekker seg frå slettelandet Ciociaria til Monte del Passeggio, 2066 meter over havet.

Soge endre

Det antikke Verŭlae var frå 8. hundreåret før Kristi fødsel ein viktig by for hernikarane. Dei var i forbund med Roma og gjekk straks inn Romarriket då dette vart danna.

Frå 743 har Veroli vore biskopssete. I 877 vart byen plyndra av sarasenarar. I striden mellom pave Gregor IX og keisar Fredrik II stilte Veroli seg på paven si side og var sidan nært knytt til Vatikanet. Byen vart sterkt skadd av eit jordskjelv i 1350.

På 1500-talet vart Veroli erobra av spanske styrkar. Men etterpå vart kontakta med paven fornya, og byen vart deretter styrt av kardinalar. I 1870 vart byen innlemma i kongeriket Italia.

Kjelder endre