Vesle krigsøya eller Malo Ratno Ostrvo (serbisk Мало Ратно Острво) er ei elveøy (ada) i Serbia som ligg der elva Sava munnar ut i Donau. Ho høyrer til byen Beograd og kommunen Zemun.

Vesle krigsøya
øy
Land  Serbia
Kart
Vesle krigsøya
44°49′24″N 20°26′16″E / 44.823422222222°N 20.437836111111°E / 44.823422222222; 20.437836111111

Plassering

endre

Øya ligg mellom Store krigsøya og høgresida av Donau som ligg i kommunen Novi Beograd, berre 200 meter frå der Sava munnar ut i Donau.

Kjenneteikn

endre

Øya vart mykje større før den andre verdskrigen. Då bygginga av Novi Beograd starta i 1948 vart sand flytta frå øya til fastlandet på store transportband og dekte myra som den nye byen vart bygd på. Dette førte til at øya vart langt mindre.

Det som er att av øya er i hovudsak ei tynn landstripe som er mindre enn 300 meter lang og 60 meter brei. Øya er dekt av vegetasjon (poppel) og er ikkje tilgjengeleg for folk.

Kjelder

endre

44°49′N 20°26′E / 44.817°N 20.433°E / 44.817; 20.433