Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab

Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS) var eit norsk reiarlag som blant anna opererte hurtigruter. Selskapet vart skipa ved fusjon av Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) skipa i Stokmarknes i 1881 og Ofotens Dampskibsselskab (ODS) skipa i Narvik i 1912.

Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab
BransjeSjøfart, kollektivtransport, transport
Skipa1987
Forgjengar(ar)Ofotens Dampskibsselskab, Vesteraalens Dampskibsselskab
Etterfylgjar(ar)Hurtigruten AS
HovudkontorNarvik
LandNoreg
ProduktHurtigruta
MS «Nordnorge» med skorsteinfargane til OVDS.

OVDS hadde kring 1 500 tilsette, og hovudkontoret låg i Narvik, medan ferje- og hurtigbåtavdelinga var lokalisert til Stokmarknes. Selskapet var i 2003 i søkelyset gjennom ei større bedragerisak, der fem dåverande og tidlegare direktørar saman med selskapet stod tiltalt for å ha manipulert ferjerekneskapar for riksvegferjer i det føremålet å få tilført større tilskott frå staten.[1] Selskapet vart i tingretten dømt til å tilbakebetala eit større pengebeløp, og alle direktørane vart dømde til fengselsstraffer av varierande lengd.[2] Saka vart anka til lagmannsretten, og ankesaka kom opp i januar 2005. Administrerande direktør var frå medio september 2004 Jan Kildal, og Ole Fr. Hienn var styreleiar.

Dei to hurtigrutereiarlaga OVDS og Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS) vedtok i desember 2005 å slå seg saman. Fusjonen vart gjennomført 1. mars 2006. Det nye selskapet fekk namnetHurtigruten ASE. Selskapet venta ein omsetnad på rundt fire milliardar og hadde kring 3 400 tilsette. Ny administrerande direktør vart Jan Kildal (OVDS) og ny styreleiar vert Ole Lund (TFDS). Hovudkontor for hurtigruten vart lagt til Narvik, kontoret for ferjar og hurtigbåtar i Troms låg til Tromsø og kontoret for ferjar og hurtigbåtar i Nordland hamna i Stokmarknes.

Skip endre

Liste over hurtigruteskip som OVDS åtte inntil 2006.

Ferjer endre

 
MF «Tysfjord» går mellom Bognes og Lødingen.

Hurtigbåtar endre

  • MS «Alden»
  • MS «Brottøy»
  • MS «Lurøyprinsessen»
  • MS «Meløytind»
  • MS «Nordfolda»
  • MS «Ofoten»
  • MS «Rødøyløven»
  • MS «Salten»
  • MS «Sjøsprint»
  • MS «Skogøy»
  • MS «Steigtind»
  • MS «Tjeldøy»
  • MS «Visten»
  • MS «Øykongen»

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Dagens Næringsliv – Økokrim tiltaler OVDS-sjefer. (Publisert 19. september 2003) Besøkt 14. februar 2010
  2. Nordlys.no – OVDS dømt for grovt bedrageri. (publisert 6. august 2004) Besøkt 14. februar 2010

Bakgrunnsstoff endre