Vesterheim, The National Norwegian-American Museum & Heritage Center er eit norsk-amerikansk museum og kultursenter i Decorah i Iowa. Det blei skipa i 1877. Samlinga omfattar over 33 000 gjenstandar og 12 historiske bygningar. Senteret har også skule, bibliotek og arkiv.[1]

Hovudbygningen til Vesterheim, som ligg sentralt i Decorah

Ein av initiativtakarane til museet var historikaren Knut Gjerset.[2]

Bygningar endre

 
Painter-Bernatz Mill
 
Kyrkja frå landsbygda i Northwood i Nord-Dakota, og flytta til museet i 1992. På altertavla står det «Herre Frels Mig» (Herre frels meg)
 
«Vedkubbe-huset», The Stovewood House, eller Norris Miller House
 
Vegg sett frå innsida i «vedkubbe-huset», etter at kledning på innsida er fjerna.
  • ei restaurert kornmølle, Painter-Bernatz Mill
  • stove med husmannsplassarkitektur, Haugan House
  • eit hus flytta frå Øystre Slidre, Valdres House
  • «Vedkubbe-huset», The Stovewood House eller Norris Miller House. Veggene er i stor grad bygde av vedkubbar og mørtel.
  • ei luthersk kyrkje, Bethania Lutheran Church
  • Ei tømmerhytte med tilknyting til teologen Ulrik Vilhelm Koren. Egge-Koren House vart bygd i 1852 av Eirik Egge søraust for Decorah. Koren budde i hytta den fyrste vinteren han var i USA.[treng kjelde] Han blei seinare leiar for Den norske Synode.[3]

Kjelder endre

  1. «About», vesterheim.org (på engelsk), henta 5. februar 2019 
  2. «Knut Gjerset». Store norske leksikon (på norsk). 3. april 2017. 
  3. Gulliksen, Øyvind T. (28. september 2014). «Ulrik Vilhelm Koren». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vesterheim