Opna hovudmenyen

Vestlandsnytt er ei lokalavis i Møre og Romsdal, hovudsakleg for kommunane Herøy og Sande. Avisa kjem vanlegvis ut to gongar i veka (tysdag og fredag).[1]

Avisa vart skipa av Olav Aurvoll i 1935. På midten av 1950-talet tok Frantz G. Frantzen over som eigar og drivar, ei rolle Fred Frantzen vidareførte etter faren sin bortgang tidleg på 70-talet.[1]

Vestlandsnytt vert eidg og drive av Vestlandsnytt AS som i 2017 vart kjøpt opp av Sunnmørsposten.[1] Ansvarleg redaktør er Endre Vorren.[2]

OpplagstalEndra

Utvikling i nettoopplag.[3]

År Nettoopplag
2000 5 446
2001 5 451
2002 5 403
2003 5 412
2004 5 419
2005 5 391
2006 5 357
2007 5 393
2008 5 406
2009 5 320
2010 5 228
2014 4 767

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Andersen, Arne Per (28. april 2017). «Sunnmørsposten kjøper Vestlandsnytt». smp.no (på bokmål). 
  2. «Vestlandsnytt», www.vestlandsnytt.no (på bokmål), henta 8. mars 2018 
  3. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.