Vestnordisk Råd
Vestnordisk Råd (færøysk Útnorðurráðið, islandsk Vestnorræna ráðið, grønlandsk Nunat Avannarliit Killiit Siunnersuisoqatigiiffiat) er eit parlamentarisk samarbeidsorgan i Vest-Norden, altså Island, Grønland og Færøyane. Det har som føremål å samarbeida om vestnordiske interesser, og å gå saman om å verna ressurar og kultur frå Nordatlanteren.[1] Rådet samarbeider tett med Nordisk råd.
Vestnordisk råd byrja som Vest-Nordens parlamentariske samarbeidsråd i 1985, og fekk det noverende namnet sitt i 1997. Årsmøta blir haldne vekselvis i dei tre medlemslanda. Rådet er leia av presidentskapet, som består av formannen og ein nestformann frå kvar av dei to andre delegasjonane. Formannskapet i rådet vekslar mellom medlemslanda.[2]
Vestnordisk Råd held møter og konferansar, og går inn i prosjekt det reknar for viktige i høve til arbeidsfeltet sitt.[3] Det markerer vestnordisk dag årleg den 23. september.[4][5][6]
I 1999 bestemte Vestnordisk Råd seg for å oppretta ein litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur frå vestnordiske land. Prisen blei utdelt første gong i august 2002, og heiter på dansk Vestnordisk Råds Børne- og Ungdomslitteraturpris.[7]
Medlemsland
endreKjelder
endre- ↑ https://www.vestnordisk.is/om-vestnordisk-rad/
- ↑ «Formændene gennem 30 år» (på dansk). Vestnordisk råd. 24. september 2015. Arkivert frå originalen 15. mai 2018. Henta 4. februar 2020.
- ↑ Øvrigt arbejde (på dansk), henta 5. februar 2020
- ↑ Fejring af Vestnordisk dag i Tórshavn og Reykjavík (på dansk), henta 5. februar 2020
- ↑ «Vestnordisk Dag i Island 2019», Norræna Húsið (på dansk), arkivert frå originalen 5. februar 2020, henta 5. februar 2020
- ↑ «Vestnordisk folkefest for sanserne - Naalakkersuisut», naalakkersuisut.gl, arkivert frå originalen 5. februar 2020, henta 5. februar 2020
- ↑ Vestnordisk.is, arkivert frå originalen 17. mai 2013, henta 4. februar 2020
- Denne artikkelen bygger på «Vestnordisk råd» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2020.