Vestre Aker kyrkje
Vestre Aker kyrkje ligg i Ullevålsveien 117 ved Kirkeveien i Bydel St. Hanshaugen i Oslo. Kyrkja vart innvigt som soknekyrkje for Aker kyrkjelyd i 12. desember 1855 av biskop Jens Lauritz Arup.
Vestre Aker kyrkje | |||
kyrkje | |||
Vestre Aker kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Vestre Aker | ||
Sokn | Vestre Aker | ||
Fellesråd | Oslo | ||
Periode | Nygotikk | ||
Arkitekt | Heinrich Ernst Schirmer | ||
Innvigd | 12. desember 1855 | ||
Kyrkjegard | Kyrkja har kyrkjegard | ||
Sitjeplassar | 500 | ||
Vestre Aker kyrkje 59°56′12″N 10°43′46″E / 59.9366554°N 10.7293384°E | |||
Wikimedia Commons: Vestre Aker kirke |
Bygninga
endreKyrkja er ei langkyrkje i nygotikk teikna av Heinrich Ernst Schirmer med ca. 500 plassar etter siste restaurering i 1969. Preikestolen er teikna av Alexis de Chateauneuf ca. 1850 og stod opphavleg i Vår Frelsers kyrkje (Oslo Domkyrkje). Glasmåleria er utført av Bernhard Greve, midtfeltet 1939, sidevindauga 1955. Kyrkja har orgel med 27 stemmar og to kyrkjeklokkar.
Historie
endreDå Christiania by kjøpte Aker kyrkje (frå 1861 kalla Gamle Aker kyrkje) av Aker herad i 1852 trong Aker ny soknekyrkje. Før salet var gjennomført vedtok heradsstyret å kjøpe 20 mål tomt frå Isac Muus’ eigedom på Kalvehaugen, der kyrkja blei oppført. Det var strid om namnet, blant andre hevda P.A. Munch at tradisjon tilsa namnet Ullevål kyrkje etter garden den stod på.
I 1861 vart soknet delt i Austre og Vestre Aker. Frå dåverande Vestre Aker blei Sagene og Uranienborg utskilt i 1880, Ullern i 1906 og Ris og Grefsen i 1937.
Den andre sokneprest (1871–1875) for kyrkjelyden var Jørgen Moe, kjend som samlar og utgjevar av folkeeventyr. Sidan 2000 har Trond Bakkevig vore prost i Vestre Aker prosti.
I det geografiske nedslagsfeltet til kyrkjelyden budde 6 201 menneske per 1. januar 2005.
Ved kyrkja ligg Vestre Aker kyrkjegard, innvigd samtidig med kyrkja, og kyrkjelydshus oppført i 1983.
Kulturminne
endreVestre Aker kyrkje er eit kulturminne og har nummer 85816 i Riksantikvarens kulturminnebase.
Litteratur
endre- Kirkebøe M. C.: Oslo kirker i gammel og ny tid. Land og kirke, 1956
- Oslo byleksikon. Oslo. Kunnskapsforslaget, 2000
- Skjelsbæk, Sverre (red.): Gamle Aker kirke. Akademisk forlag, 1980
- Statistisk årbok for Oslo 2005. Oslo kommune