Vestslaviske språk

(Omdirigert frå Vestslavisk språk)

Dei vestslaviske språka dannar éi av tre undergrupper i den slaviske språkslekta. Det finst no fem levande vestslaviske språk: nedersorbisk, oversorbisk, polsk, slovakisk og tsjekkisk. Den faktiske statusen til schlesisk og, i noko mindre grad kasjubisk, er omstridd.[1][2] Schlesisk vert ofte oppfatta som ein polsk dialekt, medan kasjubisk anten kan reknast som ein polsk dialekt, eller som ein dialekt av den daude pommersken. Om lag 56 millionar menneske snakkar vestslaviske språk, størstedelen av dei bur i Mellom-Europa.

vestslaviske språk
zôpadnosłowiańsczé jãzëczi (kasjubisk)
pódwjacornosłowjańske rěcy (nedersorbisk)
zapadosłowjanske rěče (oversorbisk)
języki zachodniosłowiańskie (polsk)
zachodńosłowjańske godki (schlesisk)
západoslovanské jazyky (slovakisk)
západoslovanské jazyky (tsjekkisk)
Klassifisering: indoeuropeiske språk
baltoslaviske språk
slaviske språk
vestslaviske språk
Vidare inndeling:
Tala i: Polen, Slovakia, Tsjekkia
delar av granneland, særleg Tyskland
Skriftsystem: det latinske alfabetet

Dei vestslaviske språka vert vurderte som dei mest innovative i den slaviske slekta når det gjeld fonetikk og ordforråd.[3]. Dei skal skrivast med latinske bokstavar. Alle viser kompliserte bøyingssystem både i nominal- og verbalgrupper, med kasus og aspekt som aktive morfologiske kategoriar. Det tillèt dei å ha noko lausare ordstilling enn til dømes nærskylde germanske eller romanske språk[2]. I høve til andre slaviske språk skil dei seg med fast trykk, tendens til palatalisering, behalding av nokre kompliserte konsonantgrupper og synlege gjensidige påverknader.

Klassifisering

endre

(† markerer språk som har døydd ut)

slaviske språk

vestslaviske språk
lechitiske språk
kasjubisk — klassifisering som eit separat språk omstridt
polabisk
polsk
kasjubisk — klassifisering som ein dialekt av polsk omstridt
schlesisk — klassifisering som ein dialekt av polsk omstridt
pommersk
kasjubisk — klassifisering som ein dialekt av pommersk omstridt; om ein oppnådde konsensus, ville det tyde at pommersk faktisk ikkje har døydd ut
slovinsk
schlesisk — klassifisering som ein separat språk omstridt
sorbiske språk
nedersorbisk
oversorbisk
tsjekkisk-slovakiske språk
knaanisk (judeotsjekkisk) †
slovakisk
tsjekkisk

Kontroversar

endre

Det er på fleire punkt usemje mellom forskarane når det gjeld klassifiseringa av enkelte vestslaviske språk:

  • schlesisk blir som oftast rekna som ein av dei polske dialektane i faglitteraturen,[4] og vert ofte utelate i omfattande monografiar innanfor slavistikk.[2] Trass i dette finst det forskarar som har stødd klassifiseringa av det som separatspråk, mellom anna Gerd Hentschel[5] og Norman Davies.[6] Godkjenning av schlesisk som separatspråk og av schlesierar som ein nasjon er eit politisk mål av Ruch Autonomii Śląska (Rørsla for schlesisk autonomi).
  • statusen til kasjubisk er mykje mindre omstridd, takka vere godkjenninga av dette språket som regionalspråk av den polske nasjonalforsamlinga. Som oftast vert det rekna som anten separatspråk eller ein pommersk dialekt, med ein kommentar at mange oppfattar han som ein polsk dialekt.[2][7] I motsetnad til schlesisk har kasjubisk eit utvikla skriftspråk og litterær tradisjon.
  • slovakisk og tsjekkisk skapar saman eit dialektkontinuum, har ganske like standardformer og vert difor stundom rekna som eit språk. Denne påstanden opptrer likevel ikkje i faglitteraturen.

Referanser

endre
  1. Dalewska-Greń, Hanna (2013). Języki słowiańskie. Warszawa: PWN. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Sussex, Roland (2006). The Slavic Languages. Cambridge: Cambridge University Press. 
  3. Moszyński, Leszek (2012). Wstęp do filologii słowiańskiej. Warszawa: PWN. 
  4. Tambor, Jolanta (2006). Mowa Górnoślązaków oraz ich świadomość językowa i etniczna. Katowice: Wydawnictwo Uniwersytetu Śląskiego.  [og bibliografien der]
  5. Hentschel, Gerd (2001). «Das Schlesische – eine neue (oder auch nicht neue) slavische Sprache?». Mitteleuropa – Osteuropa. Oldenburger Beiträge zur Kultur und Geschichte Ostmitteleuropas 2. 
  6. Davies, Norman (1998). Europe. A History. New York: Harper Perennial. 
  7. Comrie, Bernard; Corbett, Greville G. (1993). The Slavonic Language. London: Routledge.