Via Nomentana er ein antikk romarveg. Han gjekk nordaustover frå Roma til Nomentum (i dag Mentana). Strekninga er 23 kilometer lang; det tilsvarer 14 romerske mil. Det låg fleire bruer på dette veggstrekket, den største av dei var Ponte Nomentano.

Ein del av den gamle romarvegen Via Nomentana i Sant'Alessandro i Roma.
Via Nomentana (raud), og Via Salaria (grøn)
Ponte Nomentano, ei av bruene på Via Nomentana, fotografert under flaumen i 2008.

Vegen byrja opphavleg ved Porta Collina i den servianske bymuren. Det var keisar Aurelianus som på 200-talet e.Kr. fekk bygd Porta Nomentana i sin nye bymur, som seinare blei kalla den aurelianske muren. Pave Pius IV vedtok å flytta den første delen av vegstrekninga, og i samband med dette fekk han bygd Porta Pia.

Denne vegen blei aldri ei viktig ferdselsåre, og nokre kilometer forbi Nomentum gjekk Via Nomentum og Via Salaria saman til éin veg. I dag følgjer den moderne motorvegen same vegløp frå Roma til Nomentum (dagens Mentana), men på visse stadar kan ein framleis sjå restar av brusteinsoverlaget frå den antikke vegen.

Historie endre

Via Nomentana heitte opphavleg Via Ficulnensis, etter landsbyen Ficulea som ligg 13 km utanfor Roma. Seinare blei han forlenga til Nomentum.

Vegen i dag endre

Ved Via Nomentana i dag ligg kyrkjene Santa Costanza frå 300-talet, Sant'Agnese fuori le mura frå 700-talet, og fleire ruinar. Eit gjestehus for den tyske ordenen har også adresse her.[1]

Kjelder endre

  1. «Gästehaus des Deutschen Ordens» (på tysk). Henta 24. juli 2019. 

Litteratur endre

  • Peter Connolly, Hazel Dodge: Die antike Stadt. Ein Leben in Athen & Rom. Könemann, Köln 1998, ISBN 3-8290-1104-0.
  • Via Nomentana. I: Samuel Ball Platner, Thomas Ashby: A Topographical Dictionary of Ancient Rome. Oxford University Press, London 1929, s. 565 (online).