Vibeke Hein Bæra
Vibeke Hein Bæra (fødd 29. juli 1964) er ein norsk advokat i Advokatfirmaet Lippestad AS i Oslo, kjend for å ha vore med advokat Geir Lippestad som forsvarar av den tiltalte for terroråtaka på Utøya og i Oslo 22. juli 2011, som i 2012 vart dømd til 21 års forvaring med minstetid 10 år.
Vibeke Hein Bæra | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. juli 1964 (60 år) |
Yrke | advokat |
Bæra var tilsett som advokat i Advokatfirmaet Lippestad AS frå 1992 til 1999, og er frå 2011 partner i firmaet. Ho har dessutan vore politiadvokat i Telemark politidistrikt (2000–2010) og regiondirektør i Arbeidstilsynet i Sør-Noreg (2010–2011).