Koordinatar: 56°34′47.676″N 16°27′29.542″E

Vickleby kyrkje i den austlege enden av Vickleby.
Serveringsstedet Mejeriet i eit nedlagt meieri i Vickleby.

Vickleby er ein tettstad på sørlege Öland i Mörbylånga kommun i Kalmar län, Sverige. Tettstaden har dryge 300 innbyggjarar og kyrkje, skule og privat kursstad ved Bo Pensionat (bygd ca. 1910). Staden er kjend som tilhaldsstad for kunstnarar og har fleire galleri. Eit nedlagt meieri heilt vest i tettstaden er i dag serveringsstad (Mejeriet) og tilhaldsstad for turistar og fastbuande.

Rundt pensjonatet oppstod kunstretninga Vicklebyskolan under andre verdskrigen, der William Nording og Arthur Percy var sentrale i krinsen av kunstnarar og intellektuelle.

Vickleby kyrkje er ei steinkyrkje frå midten av 1100-talet. Kyrkjebyen Vickleby har eit vakkert sentrum med ein 800 meter lang, frodig gate langs hagar, parkar og maleriske hus. Rundt tettstaden står fleire vindmøller. Capellagården er framleis handverkerskule for kunsthandverkarar, grunnlagt av kunstnaren Carl Malmsten.

Vickleby ligg inntil Södra Ölands kulturlandskap, som er eit verna kultur- og naturlandskap med alvar-landskap, og som står på verdsarvlista til UNESCO.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra