Victor Amadeus II av Sardinia
Victor Amadeus II (fødd Vittorio Amedeo Sebastiano, 14. mai 1666–31. oktober 1732) var hertug av Savoie frå 1675 til 1730. Han hadde òg titlane marki av Saluzzo, hertug av Montferrat, prins av Piemonte, greve av Aosta, Moriana og Nizza. Ludvig XIV av Frankrike arrangerte ekteskapet hans for å halde ein fransk påverknad i hertugdømet, men Victor Amadeus braut likevel raskt bort frå påverknaden til Frankrike. Då faren døydde i 1675, tok mora over som regent i namnet hans, sidan han då berre var ni år gammal, og hadde makta de facto fram til 1684 då Victor Amadeus nekta ho å styre staten vidare.[1] Etter å ha kjempa i den spanske arvefølgjekrigen, vart han konge av Sicilia i 1713, men vart tvungen til å endre tittelen og i staden verte konge av Sardinia som dei direkte etterkomarane hans krev som ein del av kongedømet Italia.[2] Victor Amadeus etterlet seg mange kulturelle inntrykk i Torino då han bygde om kongepalasset i Torino, Venariapalasset, Palazzina di caccia of Stupinigi samt bygde Superga-basilikaen der han er gravlagd.[3]
Victor Amadeus II | |||
Maria Giovanna Battista Clementi, La Clementina. Portrett av Victor Amadeus II av Savoie, under omleiringa av Torino i (1706), Reggia di Venaria (frå Racconigi slott) | |||
Hertug av Savoie | |||
Regjeringstid | 12. juni 1675–3. september 1730 | ||
---|---|---|---|
Fullt namn | Vittorio Amedeo Sebastiano di Savoia | ||
Titlar | Konge av Sicilia (frå 22. sep 1713) Konge av Sardinia (frå 17. februar 1720) | ||
Fødd | 14. mai 1666 | ||
Fødestad | Kongepalasset i Torino i Italia | ||
Død | 31. oktober 1732 (66 år) | ||
Dødsstad | Rivoli slott i Torino i Italia | ||
Gravstad | Superga-basilikaen | ||
Føregangar | Karl Emmanuel II (hertug av Savoie) Filip IV (konge av Sicilia) Karl III (konge av Sardinia) | ||
Etterfølgjar | Karl Emmanuel III (konge av Sardinia) Karl IV (konge av Sicilia) | ||
Gift med | Anne-Marie d'Orléans, Anna Canalis di Cumiana | ||
Ektefellar | Anne Marie d'Orléans Anna Canalis di Cumiana | ||
Dynasti | Huset Savoia | ||
Far | Karl Emmanuel II av Savoie | ||
Mor | Marie Jeanne av Savoie | ||
Born | Marie-Adélaïde av Savoia, Maria Luisa av Savoie, Maria Vittoria av Savoie, Victor Amadeus, Karl Emmanuel III av Sardinia, Vittorio Francesco, Marquis of Susa, Maria Anna di Savoia, Principessa di Savoia, Emanuele Filiberto di Savoia, Duc de Chablais |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Victor Amadeus II of Sardinia» frå Wikipedia på engelsk, den 18. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Storrs, Christopher: War, diplomacy and the rise of Savoy, 1690-1720, Cambridge University Press, 1999, ISBN 0521551463
- Symcox, Geoffrey: Victor Amadeus II: absolutism in the Savoyard State, 1675-1730, University of California Press, 1983, ISBN 9780520049741