Vidar Bergset (fødd 2. mai 1928 i Stryn, død 6. juni 2020) var ein norsk lærar og forfattar. Han arbeidde i barneskule og ungdomsskule og var også ei tid lærar på Valdres folkehøgskole. I den tida var han også redaktør av tidsskriftet Kristen Folkehøgskole.

Vidar Bergset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. mai 1928
Stryn
Død

6. juni 2020 (92 år)

Yrke skribent

Bergset gav ut fleire bøker med forteljingar, barnebøker og dikt. Han var også medforfattar av Norges Kristelege Folkehøgskolelags historie 1914-1984 og forfattar av Nordfjord Folkehøgskule 75 år – 1923-1998. I 2011 gav han ut Brennande liv, eit portrett av den danske presten og forfattaren Kaj Munk, som vart skoten av tyskarane under andre verdskrigen.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 1968 – Naudrop i fjellet (Larvik: Norsk Barneblads forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1969 – Ei mørk natt i oktober (Larvik: Norsk Barneblads forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1976 – Ein stad å setje sin fot : dikt (Oslo: Luther) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1978 – Barndomens grøne dal : ein studie i Per-bøkene av Olav Sletto (Bergen)
  • 1983 – Utafor alt eg veit : diktsamling (Oslo: Fonna) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1984 – I tru og teneste : Ungdomskulelærarlaget/Noregs kristelege folkehøgskulelag 1914-1984 (Oslo: Folkehøgskulelaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1988 – Folk og bygd : lokal litteratur frå Rand krins (Eige forlag / Rand skule)
  • 1996 – I morgon skal vi møtast : diktsamling (Stryn: V. Bergset) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1997 – Lagnaden - og alle dei andre : noveller (Stryn: V. Bergset) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1998 – Nordfjord folkehøgskule 75 år : 1923-1998 (Sandane: Nordfjord folkehøgskule) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1999 – Mot himmelsjå : lyrikk og prosa frå Fjelli (Eige forlag)
  • 2004 – Småfolk i farten : forteljingar om born (Stryn: V. Bergset)
  • 2006 – Skatten i åkeren : dagsord (Stryn: V. Bergset)
  • 2008 – Fra sigledammen til hoppbakken (Valle: Setesdalforl.)
  • 2011 – Brennande liv : ein biografi om Kaj Munk (Valle: Setesdalforl.)
  • 2016 – Vandringar i språket (Eige forlag)
  • 2017 – Ordet er liv : andaktsbok (Eige forlag)
  • 2018 – På Kafé Globus ved kaia (Stryn: V. Bergset)

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre