Vidar Theisen

norsk meteorolog

Vidar Leif Theisen (fødd 5. mai 1933 i Oslo, død 30. august 2012 på Stovnerskogen sykehjem) var ein norsk meteorolog som heldt vêrmeldinga på NRK i ei årrekkje.

Vidar Theisen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mai 1933
Oslo
Død

30. august 2012 (79 år)

Yrke meteorolog

Biografi endre

Vidar Theisen tok matematisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1958, men tok til å arbeida som statsmeteorolog allereie to år tidlegare, i 1956. Han jobba fyrst i Bodø, deretter på Fornebu og frå 1979 - 1998 ved Meteorologisk instituttBlindern. I 1980 starta han som fjernsynsmeteorolog i NRK og jobba for kanalen fram til han pensjonerte seg i 2001.

Vidar Theisen hadde ein særeigen måte å presentera vêret på. Han hadde ei monoton, nasal stemme som gjorde at han ofte vart gjenstand for parodiar frå komikarar, mest kjend for dette er kanskje Trond Kirkvaag. Theisen gav aldri uttrykk for at han blei fornærma av parodiane, men kunne derimot stilla opp i ulike humorprogram.[1] Trass i det særeigne ved vêrmeldinga hans, var han svært dyktig fagleg. Etter dødsfallet uttalte Eli Kari Gjengedal at «du trudde liksom på Vidar Theisen når han sa det blei regn eller at det skulle bli sol».

Theisen var også aktiv i Den norske kyrkja i Stovner kyrkjelyd som han tilhøyrte. Han var sterkt oppteken av tilhøvet mellom kristendom og naturvitskap, og skreiv både artiklar og heldt føredrag om temaet. Den fyrste kona hans døydde grunna komplikasjonar med fødselen, og barnet deira døydde også. Vidar Theisen gifte seg opp att seinare og etterlét seg kona, born og barneborn då han gjekk bort etter lengre tids sjukeleie.

I 2011 gav Øyvind Kleiveland ut ein biografi om Theisen som fekk tittelen «Vidar Theisen - Statsmeteorologen som tok Norge med storm».[2]

Kjelder endre

Fotnotar endre