Eli Kari Gjengedal

Eli Kari Gjengedal (fødd 24. mars 1971 i Leikanger) er ein norsk forfattar og akvaingeniør. Ho er kanskje mest kjend som tidlegare vêrpresentatør i StormGeo med ein sterk nynorsk profil, der ho mellom anna presenterte vêret på TV 2 frå 2000 til 2012. I tillegg har ho i kortare periodar vore programleiar på kanalen.

Eli Kari Gjengedal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1971 (53 år)
Leikanger kommune
Yrke skribent
Eli Kari Gjengedal på Commons

Eli Kari Gjengedal er utdanna som akvaingeniør og har i tida før jobben i fjernsyn arbeidd som servitør, bartendar og hovmeistar. I 1999 tok ho bartendarprøven og har fleire gonger delteke i NM i cocktailmiksing. Denne kunnskapen nytta ho i den første boka si, Cocktail - 44 vegar til fin bris frå 2005 på Skald forlag, med oppskrifter på drinkar og soger frå utelivsbransjen.

I 2007 gav ho ut den nynorske barneboka Karl Oscar i hardt vêr, illustrert av Ingunn Elida Wiken, om katten Karl Oskar som brukar eitt år på å finne heim att, i all slags vêr, etter å ha kome bort frå familien på sommarferie. Samstundes forklarar ho dei ulike vêrfenomena som Karl Oscar vert råka av på ein enkel måte for born.

Ho er òg kjend for å ha sunge ei heil vêrmelding som eit reklamestunt på TV 2 i 2009. Klippet vart sett av over 150 000 på nettsida. 11. november 2011 hadde ho på seg ein romdrakt frå VilVite-senteret i Bergen, medan ho presenterte vêret.[1]

Bøker endre

Kjelder endre

  1. Prestegården, Håvard (11. november 2011), «Meldte været i romdrakt», Bergensavisen (på norsk), henta 23. mai 2022 

Bakgrunnsstoff endre