Regjeringa Quisling I
(Omdirigert frå Vidkun Quisling si fyrste regjering)
Vidkun Quislings si fyrste regjering vart proklamert gjennom ei radiotale i Norsk rikskringkasting (NRK) den 9. april 1940. «Regjeringa» vart ikkje sitjande lenge, for allereie 15. april oppretta Høgsterett mot Quisling sitt ynskje det såkalla Administrasjonsrådet. Josef Terboven vart innsett som tysk administrator (Reichskommissar). Quisling si regjering vart i røynda avsett. På hausten 1940 fekk Quisling trass i dette rolla som politisk leiar for Josef Terboven sine kommissariske statsrådar.
Vidkun Quisling si fyrste regjering
endre- Regjeringssjef og utanriksminister: Vidkun Quisling
- Professor Birger Meidell, kyrkje- og undervisingsminister
- Politisjef Jonas Lie, justisminister
- Dr. Gulbrand Lunde, sosialminister
- Direktør Albert Viljam Hagelin, handels- og forsyningsminister
- Arkitekt Tormod Hustad, landbruksminister
- Professor Ragnar Schancke, arbeidsminister
- Godseigar Fredrik Prytz, finansminister
- Major Ragnvald Hvoslef, forsvarsminister