Vigleik Eide (4. desember 193330. oktober 2011) var ein norsk general frå Fana i Hordaland. Han var forsvarssjef frå august 1987 til september 1989.

Vigleik Eide

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. desember 1933
Fana
Død

30. oktober 2011 (77 år)
Oppegård

Yrke diplomat, offiser
Vigleik Eide på Commons

Eide vart uteksaminert frå Krigsskulen i 1957. Frå 1980 var han oberst i det norske Forsvaret. År 1985-86 var han genaralmajor ved Distriktskommando Vestlandet, og 1986-87 generalløytnant og sjef for dei militære styrkane i Nord-Noreg. Deretter var han i vel to år forsvarsjef i Noreg. Hausten 1989 tok han over leiinga i NATO sin militærkomité, ein posisjon han hadde til januar 1993.

Etter han vart dimittert, hadde Eide fleire utanlandsoppdrag som gjaldt konfliktløysing. I 1994 sende Utanriksdepartementet han til Guatemala då Noreg var engasjert i fredsarbeid i landet. Året etter leidde han ei ekspertgruppe som arbeidde med nedrustningsspørsmål på Balkan.

Frå 1998 var Eide Noregs ambassadør i Damaskus.

Kjelder endre