Opna hovudmenyen

Vigrafjorden er fjord i kommunane Giske og HaramSunnmøre. Han ligg aust for øya Vigra, som han er kalla opp etter, i Giske og sørvest for Lepsøya/Løvsøya i Haram. Fjorden strekkjer seg frå Norskehavet i vest om lag 10 km søraustover til Kalvøya og Bjørnøya. På det djupaste er fjorden 181 m.

Ålesund lufthamn, Vigra ligg på vestsida av fjorden på øya Vigra og bygda Roald ligg litt nord for flyplassen.