Ålesund lufthamn, Vigra

Ålesund lufthamn, Vigra er ein flyplass plassert midt på øya Vigra i Giske kommune utanfor Ålesund. Flyplassen blei opna i 1958.

Ålesund lufthamn, Vigra

IATAAES Sjå dette på Wikidata
ICAOENAL Sjå dette på Wikidata
OperatørAvinor Sjå dette på Wikidata
TenerÅlesund kommune Sjå dette på Wikidata
StadGiske kommune Sjå dette på Wikidata
Opna1958 Sjå dette på Wikidata
Høgd21 meter Sjå dette på Wikidata
Koordinatar62°33′45″N 6°7′11″E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://avinor.no/flyplass/alesund Sjå dette på Wikidata
Ålesund lufthamn, Vigra
Boeing 737-600 på Ålesund lufthamn

Flyplassen har sidan fått nytt terminalbygg 1986, og forlenga rullebane i tillegg til modernisering av tårnet og tilgang til radar.

Ålesund lufthamn Vigra fylte 50 år 7. juni 2008, men planane om flysamband til Ålesund er mykje eldre. Allereie i 1919 la den dåverande Lufttrafikkommisjonen fram ein plan som omfatta Vestlandsruta Stavanger — Bergen – Ålesund — Trondheim. Ruta var tenkt i første omgang basert på sjøfly, men ein var open for høvet til seinare nytte landfly.

Den første landinga på Vigra blei gjort den 19. mai 1958, av ein militær Otter frå Gardermoen. Den 7. juni same år kom den første offisielle landinga på den då 1.600 meter lange rullebana. 3.000 personar var møtt opp for denne hendinga. Nordvestlandet sin første flyplass var eit faktum. Braathens SAFE fekk konsesjon for ruta Oslo – Ålesund. Ein DC-4 blei brukt på daglege flygingar.

I kontrolltårnet starta det i 1958 med to flygeleiarar og to assistentar, i dag er det ni flygeleiarar og fire LTT-fullmektigar, samt ein flygeleiar på overføringstrening. Rullebaneretning er 07/25, og i 1995 blei rullebana forlenga til 2.314 meter.

Same år blei eit av Forsvaret sine Sea King-helikopter frå 330-skvadronen stasjonert på Vigra. I 1999 blei helikopteret flytta til Rygge.

I 1998 tok Vigra i bruk radar som hjelpemiddel, fram til då brukte flygeleiarane prosedyrekontroll. Diverre står det like ved radaren ei radiomast som dannar ein blindsektor på cirka 11 grader. Denne gjer også sitt til å komplisere trafikkavviklinga.

Dei som i seinare år har trafikkert flyplassen er i all hovudsak SAS, med ruter til Oslo, Trondheim og Bergen. Nokre selskap er også stasjonert på flyplassen, som Helitrans med Jetstream 31/32 og Lufttransport med Beechcraft King Air 200. I tillegg har Lufttransport stasjonert eit Aerospatiale 65 redningshelikopter ved sjukehuset i Ålesund, omtrent 15 kilometer søraust for flyplassen.[1]

Destinasjonar endre

Charter endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «Fra sølvfugl til London»[daud lenkje] - Artikkel hos Avinor i samband med 50-årsjubileumet til Ålesund lufthamn.