Giske kommune
Giske kommune er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal, rett vestom byen Ålesund. Kommunen består av dei to flate øyane Giske og Vigra, og to meir ulendte, Godøya og Valderøya. Kommunesenteret ligg på Valderhaugstranda på Valderøya, medan Vigra er den største øya.
Giske kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Valderhaugstranda | ||
Areal | 40,54 km² | ||
- land | 39,88 km² | ||
- vatn | 0,66 km² | ||
Folketal | 8 692 (1. januar 2023) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Harry Valderhaug (KrF) | ||
Kommunenr. | 1532 | ||
![]() Giske kommune | |||
Wikimedia Commons: Giske | |||
Nettstad: www.giske.kommune.no | |||
Giske kommune har 4 tettstader:
- Valderøya på Valderøya med 4 262 innbyggjarar per 1. januar 2017
- Roald på Vigra med 1 032 innbyggjarar per 1. januar 2017
- Leitebakk på Godøya med 971 innbyggjarar per 1. januar 2017
- Giske på Giske med 806 innbyggjarar per 1. januar 2017
Hovudnæringar i kommunen er fiske og jordbruk, fiskeoppdrett og noko mekanisk industri.

Historie endre
Skjonghelleren på Valderøya er eit verdifull fortidsminne med avleiringar som mellom anna viser korleis den magnetiske Nordpolen har endra seg. Ein har òg funne restar av fuglar og dyr som er om lag 30 000 år gamle. Ein har òg funne 10 000 år gamle spor etter menneske.
Øyane har òg fleire minne frå vikingtida. På Giske ligg ein av dei eldste herregardane i Noreg. Han var heimen til den mektige Giske-ætta eller Arnungane frå 900-talet til 1582. Giske kapell, kledd i kvit marmor, vitnar om rikdommen på øya på 1100-talet.
Folketalsutvikling endre
Folketalsutvikling for noverande Giske kommune frå 1910:
1910[1] | 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4][5] | 1.1.1961[4][5] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] | 1.1.2012[4] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2754 | 3006 | 3145 | 3713 | 3915 | 4543 | 5171 | 6042 | 6203 | 6395 | 7029 | 7541 |
Kommunikasjon endre
Det er brusamband mellom Vigra og Valderøya på Gjøsund. Frå Valderøya går ein undersjøisk tunnel til Ålesund (via Kverve, Ellingsøya). Det er bru til Giske frå Valderøya og undersjøisk tunnel frå Giske til Godøya. Snøggbåtsambandet Hareid-Valderøy-Ålesund blir trafikkert av MS «Tideekspress» og går fleire gongar dagleg frå ferjekaia på Valderhaugstranda.
Ålesund lufthamn ligg på Vigra.
Kjende folk frå Giske kommune endre
- Både Ragnvald Mørejarl (800-talet) og normannarkongen Gange-Rolv (900-talet) var i følgje tradisjonen frå Giske
- Ragna Marie Blindheim (1885–1952), lærar
- Severin Roald (1858–1898), skodespelar
- Ørnulf Opdahl (f. 1944), biletkunstnar, fødd i Ålesund, busett på Godøya
- Bjørn Brusdal (f. 1948), biletkunstnar
- Olaf Leon Roald (f. 1952), biletkunstnar
Kjelder endre
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Folkemengd i Giske 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 5,0 5,1 Folkemengd i Vigra 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå