Vikebygd kyrkje

kyrkje i Vindafjord kommune

Koordinatar: 59°35′28″N 5°35′14″E

Vikebygd kyrkje er ei murkyrkje frå 1937 i Vindafjord kommune i Rogaland fylke.

Vikebygd kyrkje
kyrkje
Vikirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Haugaland
Sokn Vikebygd
Fellesråd Vindafjord
Arkitekt Torgeir Alvsaker
Teknikk Mur
Innvigd 12. september 1937
Klokker 2, O. Olsen & Søn (1936)
Kyrkjegard Ja
Orgel Gebr. van Wulpen (1989)
Sitjeplassar 350
Diverse Glasmåleri i apsisvindauga
Wikimedia Commons: Vikebygd kirke

KyrkjebyggEndra

Sjølve kyrkjesalen er ei langkyrkje med orientering frå vest-nordvest til aust-søraust. Tårnet er asymmetrisk plassert på sørsida. Vindauga i apsisveggen i koret har glasmåleri.

Tidlegare kyrkjerEndra

Det har stått ei rekkje kyrkjer på staden. Mellomalderkyrkja var truleg ei stavkyrkje. Ho vart avløyst av ei tømmerkyrkje på same staden i 1682. Ei ny kyrkje vart oppført litt nærare fjorden i 1872, og gamlekyrkja vart riven året etter. Kyrkja frå 1872 brann i 1926. Ei ny bindingsverkskyrkje teikna av Torgeir Alvsaker stod klar i 1928. Denne kyrkja brann allereie i 1930, og Alsaker teikna òg dagens kyrkje, som vart innvigd i 1937. Kyrkja står om lag 70 meter lengre frå fjorden enn dei to førre kyrkjene.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra