Haugaland prosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja med prostesete i Haugesund.

Sokn i Haugaland prostiEndra

Haugesund kommune

Utsira kommune

Tysvær kommune

Bokn kommune

Vindafjord kommune

HistorikkEndra

Haugaland prosti er ein etterfølgjar til Karmsund prosti som har mellomalderske røter. Det femna om sokna ved Karmsundet, ytst i Ryfylke: Skåre, Utsira, Torvastad, Avaldsnes, Åkra, Falnes, Ferkingstad og Bokn.

Fleire nye sokn har vorte oppretta: Frå Avaldsnes vart to nye sokn utskilde: Kopervik i 1855 og Førresfjorden i 1893. Haugesund sokn vart utskilt frå Skåre i 1879, og i 1962 vart Haugesund og Skåre omregulerte til dei tre sokna Vår Frelser, Rossabø og Skåre.

Prostiets austgrense har vorte flytta fram og att fleire gonger: Frå Ryfylke prosti vart Tysvær sokn tilført i 1848, Skjold og Vats i 1859. I 1988 vart dei flytta tilbake til Ryfylke, saman med Førresfjorden og Bokn. I 2006 vart sokna i Karmøy kommune frådelte for å danne det nye Karmøy prosti, samstundes som sokna i Tysvær kommune vart tilførte prostiet, som skifta namn frå Karmsund til Haugesund prosti. I 2013 vart også sokna i Vindafjord kommune tilførte, og namnet vart på ny skifta til det noverande Haugaland prosti.

KjelderEndra

Sjå ògEndra