Vikeså er administrasjonssenter i Bjerkreim kommune, sør i Rogaland fylke. Vikeså ligg attmed Europaveg 39 eit par mil sør for Ålgård. Tettstaden har 1 021 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Vikeså
tettstad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Bjerkreim
Areal 0,95 km²
Folketal 1 021  (2023)
Folketettleik 1 075 / km²
Postnummer 4389 VIKESÅ
Kart
Vikeså
58°38′00″N 6°06′00″E / 58.6333°N 6.1°E / 58.6333; 6.1

FN-parken

endre

FN-parken ligg attmed E39 sør på Vikeså (58°37′46″N 6°05′01″E / 58.629540°N 6.083645°E / 58.629540; 6.083645), med ein bauta til minne over den første norske soldaten som omkom i FN-teneste.[1] Berre 20 år gamal vart Anbjørn Ingolf Gjedrem drepen av bajonettstikk 15. desember 1957 av ukjende inntrengjarar i Rafah-leiren, der han tenestegjorde for DANOR III-bataljonen til UNEF.[2] Tidlegare FN-ambassadør Ole Ålgård stod for avdukinga av minnebautaen, som vart reist av Rogaland FN-veteranforening, på FN-dagen i 1994. I 2005 vart der reist åtte miniatyrbautaer over dei andre frå Rogaland som har omkome i FN-teneste.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Ingeborg Eliassen (29. mai 2006). «Tjeneste setter spor» (på norsk). Stavanger Aftenblad. Henta 31. mars 2020. 
  2. Stavanger Aftenblad 1957.12.23. Stavanger, Rogaland, Noreg. 23. desember 1957. s. 1 og 10.