Ålgård er kommunesenteret i Gjesdal kommune i Rogaland fylke. Staden ligg 10 km sør for Sandnes der Figgjoelva renn ut av Edlandsvatnet. I tillegg til gamle Ålgård sentrum kan no Bærland, Fiskebekk, Opstad og Solås reknast som ein del av tettstaden. Rundt rekna 9000 av dei 10 208 innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård.

Ålgård
stad
"Stasjonsbygningen" på nedlagde Ålgård stasjon
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Gjesdal
Folketal ca 9 000  (2023)
Postnummer 4330 ÅLGÅRD
Preposisjon Ålgård
Ferdselsårer E39
Kart
Ålgård
58°45′53″N 5°51′20″E / 58.7648°N 5.85548°E / 58.7648; 5.85548
Wikimedia Commons: Ålgård

Ålgård voks fram kring De Forenede Ullvarefabrikker (DFU). Fabrikken vart grunnlagd av haugianaren Ole Nielsen i 1870. Fabrikken låg før dette på Eikeland i Sandnes, men vart flytta til Ålgård. På Ålgård kunne ein nytta vasskraft til å driva maskinar. I tillegg ligg Ålgård i eit område med mange gardbrukarar. Mange av gardbrukarane driv med sauehald. Slik var ikkje vegen lang for å skaffa ull. Ole Nielsen nøgde seg ikkje berre med å byggja ein fabrikk. I tillegg gjorde han opptak til ein skule og Ålgård kyrkje.

Ålgårdbanen vart opna i 1924. Banen gjekk mellom Ålgård og Sandnes, og var meint som ein del av Sørlandsbanen. Traséen vart utsprengd til Kyllingstad i retning Vikeså, men Stortinget omgjorde vedtaket om ein indre trasé og la banen om Jæren.

Fabrikken er lagd ned, men bygningane vert bruka til kjøpesenteret (Magneten) og bibliotek (Veveriet). I dag har Ålgård industri gjennom mellom anna Jæder. I 1986 opna fritidsparken Kongeparken.

Fotballklubben Ålgård FK har mange medlemer. Gjesdal IL har i fleire år gjort det skarpt i Holmenkollstafetten.

Bygningar

endre

Kjelder

endre