Viking Stadion
58°54′52.484″N 5°43′48.436″E / 58.91457889°N 5.73012111°E
Viking stadion | |||||
Adresse | Jåttåvågen 4020 Stavanger | ||||
Eigar | Viking FK | ||||
Drift | Viking FK | ||||
Brukarar | Viking FK (fotball) | ||||
Underlag | Gras | ||||
Kapasitet | 16 600 | ||||
Arkitekt | Link signatur AS | ||||
Pris | 160 millionar | ||||
Historiske årstal | |||||
---|---|---|---|---|---|
|
Viking Stadion er heimebanen til fotballklubben Viking FK. Viking Stadion ligg i bydelen Hinna i Stavanger, ved Jåttåvågen. Stadionet er spesielt teikna med omsyn til fotball. Det vart opna den 1. mai 2004 og kosta 160 millionar kroner. Viking spela då 1-1 i seriekamp mot Molde Fotballklubb. Tilskodarkapasiteten er 16 600.
Arenaen er utstyrt med ståplassar[1] og sitjeplassar og varmelamper i taket. Arenaen vert òg nytta til store konsertar. Stadionet har gjort det mogleg å få store artistar til Stavanger.
Rett ved banen er det oppretta ein ny Jåttå haldeplass for jarnbanen Jærbanen. Når det er tilskipingar på stadion stoggar toget på haldeplassen.