Torgrim Titlestad
Torgrim Titlestad (fødd 30. juni 1947) er ein norsk historikar og professor emeritus ved Universitetet i Stavanger.[1] Han har skrive fleire bøker om motstandskampen i Noreg under den andre verdskrigen, og biografiar om NKP-leiaren Peder Furubotn. Han var ein av de fyrste vestlege historikarane som fekk tilgang til dei hemmelege Stalin-arkiva i Moskva på tidleg 1990-tal.[2] Han har arbeidd mykje med historie tufta på munnlege kjelder. På slutten av 1980-talet hadde han eit nært samarbeid med den jugoslaviske historikaren Vladimir Dedijer.[2] På 1990-talet var han ei av drivkreftene for europeisk forsking på Stavanger-mannen Cornelius Cruys (Niels Olsen), som bygde opp den russiske krigsflåten på 1700-talet.[2] Seinare har han arbeidd mest med vikingtidshistorie.
Torgrim Titlestad | |||
Fødd | 30. juni 1947 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | Historikar |
Liv
endreTitlestad vaks opp i Bergen og var elev ved Bergen katedralskole frå 1964 til 1967. Han tok doktorgraden i Bergen i 1996 med ei avhandling om Peder Furubotn.[3]
Virke
endreVikingtid
endreTitlestad har spesialisert seg på vikingtida og Noreg si tidlege historie og er no ein av våre fremste ekspertar på denne perioden. Siden 1990-talet har han gjeve ut fleire sentrale sagaverk som tidlegare ikke har vore tilgjengelige i moderne norsk omsetting. Han er opphavsmann til omgrepet «den konstruktive sagakritikken»[4] som syner til ei rørsle innan sagaforskinga som freistar å bruka sagatekstane som truverdige kjelder.
Han har vore tilknytt forlaget Saga Bok i ei årrekkje.[5][6][7]
Tormod Torfæus-stiftelsen
endreSom prosjektleiar for Tormod Torfæus-stiftelsen leia han ei internasjonal gruppe i arbeidet med å omsette Tormod Torfæus si omfattende noregshistorie frå 1700-talet frå latin til norsk – i alt åtte bind – frå dei eldste tidene fram til 1387. Prosjektet er et av de større innan humanistiske fag og fekk tildelt ti millionar kroner i offentleg og privat støtte. Verket vart lansert ved Nasjonalbiblioteket i april 2008.
Hafrsfjordspela
endreTitlestad er òg initiativtakar og styreleiar for Stiftelsen Hafrsfjordspillene – ein internasjonal vikingfestival i Stavanger som i 2005 og 2006 hadde rundt 30 000 åskodarar.
Leirubakki
endreTitlestad har representert Noreg i styret for Lærdomssetet ved Leirubakki på Island.
Prisar og utmerkingar
endreI 2016 fekk Titlestad Sagaprisen for arbeidet sitt med å omsetja Flatøybok og gjera sagalitteraturen meir tilgjengeleg.[8]
Titlestad vart i 2017 utnemnd til riddar av Den islandske falkeordenen i samband med at den islandske presidenten vitja Noreg.
Bibliografi
endre- Vikingtid
- Viking Norway
- Slaget i Hafrsfjord
- Vikingkongen Erling Skjalgsson
- Erling Skjalgsson – Rygenes Konge
- Norge blir et rike
- Kampen om Nordvegen
- Konge mellom jarlar
- Tormod Torfæus – ei innføring (red)
- Harald Hårfagre og Norges Tilblivelse (red)
- Sagakongene 1: Harald Hårfagre (2010)
- I vikingenes fotspor : en historisk tur-guide til vikingsteder i Sør-Rogaland, Saga bok, 2010. ISBN 9788291640532
- Norge i vikingtid : våre kulturelle og historiske røtter, Saga bok, 2012. ISBN 9788291640723
- Sagasyn : Norges historiske kraftlinjer, Saga bok, 2013. ISBN 9788291640747
- Olav den hellige, Spartacus, 2013. ISBN 9788243005815
- Slaget i Hafrsfjord, Saga bok, 2017. ISBN 9788291640686
- Flatøybok. B. 4, Saga bok, 2018. Med Elizabeth Ashman Rowe og Edvard Eikill. ISBN 9788291640860
- Cornelius Cruys
- Tsarens Admiral
- Admiral Cornelius Cruys (red)
- Den kalde krigen og anna
- Peder Furubotn 1895-1945 (1975)
- I kamp i krig (1977)
- Stalin midt imot (1977)
- Folket fortel (1982)
- I den galna tiå (1987)
- Stavanger – Norges røde by (1988)
- I Stalins skygge (Doktor-avhandling) (1997)
- Fortielsen (1997)
- Brev til Josef Stalin (2003)
- Kampen mot diktaturet (2006)
- Frihetskampen i Norge – og historikerne som sviktet (2010)
Referanser
endre- ↑ «Saga Bok - Tilbake til sagaene: Fullt hus på Arkeologisk museum - Nyheter», sagabok.no, arkivert frå originalen 9. februar 2021, henta 9. februar 2021
- ↑ 2,0 2,1 2,2 T. Titlestad, Ustoppelig - en røst fra den kalde krigens Norge, Omnibus, 2020.
- ↑ Torgrim Titlestad (1997). «Politisk press i nasjonale krisetider: Peder Furubotn i norsk forskning». Arbejderhistorie. s. 34-47.
- ↑ Titlestad, Torgrim (17. april 2020), Norge i vikingtid (på norsk), Saga Bok AS, ISBN 978-82-93745-00-6, henta 10. februar 2021
- ↑ «Saga Bok | Les om drivverket bak bøkene i Saga Bok - Forfattere», sagabok.no, arkivert frå originalen 13. februar 2021, henta 9. februar 2021
- ↑ «Saga Bok - Hele Norges Sagaforlag», www.facebook.com, henta 9. februar 2021
- ↑ Rogne, Vebjørn (22. desember 2020), «– Sagaene er litteratur i verdensklasse», BOK365.no (på norsk bokmål), henta 9. februar 2021
- ↑ Vestues, Elin (7. juni 2016), «Årets Sagapris til Torgrim Titlestad», BOK365.no (på norsk bokmål), henta 9. februar 2021
- Denne artikkelen bygger på «Torgrim Titlestad» frå Wikipedia på bokmål den 9. februar 2021.