Vilhelm I av England
Vilhelm Erobraren (ca. 1027–9. september 1087), også kjend som Bastarden, var ein normannisk fyrste som invaderte England i 1066 og innførte normannarstyret der. Som kong William I av England styrte han England frå 1066 til 1087.
Vilhelm I av England | |
![]() Vilhelm Erobraren avbilda på Bayeuxteppet. | |
Fødestad | Falaise |
---|---|
Død | 9. september 1087 (juliansk) |
Dødsstad | Rouen |
Gravstad | Abbey of Saint-Étienne, Caen |
Gift med | Matilda av Flandern |
Dynasti | House of Normandy |
Far | Robert I av Normandie |
Mor | Herleva |
Born | Robert Curthose, Richard av Normandie, Vilhelm II av England, Cécile av Normandie, Adeliza, Constance of Normandy, Adela av Normandie, Henrik I av England, Alberta, Agatha of Normandy, Matilda of Normandy |
Vilhelm var fødd i Falaise i Normandie i det noverande Frankrike som uekte son av hertug Robert I av Normandie og ei garvardotter som heitte Herleva eller Arlette. Vilhelm etterfylgde faren som hertug i 1035, og vart då hertug Vilhelm II av Normandie. Etter fransk lov hadde ikkje søner fødd utanom ekteskap arverett. Ved dette høvet var det nordisk lov som var gjeldande i Normandie, og då var slik arv mogleg.
Då den barnlause fetteren hans, Edvard vedkjennaren, døydde i januar 1066, gjorde Vilhelm krav på den engelske trona som arving. Den 14. oktober 1066 sigra han over den krona kongen av England, Harald Godwinson, i slaget ved Hastings, og vart den første normannarkongen av England.