Vilhelm Evang

norsk etteretningsoffiser

Vilhelm Andreas Wexelsen Evang (9. november 19095. januar 1983) ar ein norsk embetsmann som var leiar for Etterretningstenesta 1946-1966.[1] Som leiar for ei militær eining vart han beskikka som offiser med rang som oberst, til trass for at han mangla militær utdanning og bakgrunn.

Vilhelm Evang
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. november 1909
Aker kommune
Død

5. januar 1983 (73 år)
Oslo

Yrke militær
Ektefelle Lisbeth Broch

Bakgrunn endre

Evang var fødd i Aker og voks opp i Kristiania. Etter examen artium 1927 vart han i likskap med broren Karl Evang med i organisasjonen Mot Dag, leidd av Erling Falk. I motsetnad til broren Karl var Vilhelm Evang ikkje ein del av Mot Dags indre krets. Han skreiv særs for Leksikonet til Arbeidarane, der hans hovudområde var naturvitskap og geografi. Evang vart cand.real. i geografi ved Universitetet i Oslo i 1939, og var styreformann i Studentsamskipnaden i Oslo 1939-41.

Andre verdskrig endre

På grunn av deltaking i illegalt arbeid måtte Evang flykta, først til Sverige, deretter til London i 1941. Her vart han ein såkalla «sivil-militær offiser» ved Forsvarsdepartementet sitt etterretningskontor, som året etter vart etablert som Den 2. avdelinga til Overkommandoen til forsvaret.

Etterretningssjef endre

Etter krigen var Evang først sjef for avdelinga «Adm.T.P.». («Administrasjon av tysk personell» – gjennomgang av det tyske personellet som stod i Noreg etter okkupasjonstiden, med sikte på å avdekka krigsforbrytere.) I 1946 overtok han som sjef for etterretningstjenesten, ei stilling han hadde fram til 1966.

Vilhelm Evang bygde i løpet av desse tjue åra ut etterretningstjenesten under den kalde krigen.

Til trass for at han ikkje hadde nokon militær utdanning, vart han tildelt graden til major i London, og seinare vart han som leiar av etterretningstjenesten forfremja til oberstløytnant og oberst. Både beskikkelsane i militær grad - òg i fredstid - og det faktumet at han leidde ein særs stor militær eining utan militær bakgrunn, samt hans leiarstil, skapte stor misnøye og vanskeleggjorde samarbeidstilhøva til dei militære samerbeidspartnerne.

Avskjed og seinare karriere endre

Evang mista jobben som etterretningssjef i 1966 etter den sokalla Lygren-saka, grunna interne samarbeidsproblem innan tenesta.[2] Samstundes vart det peikt på at han hadde betre kontaktar til delar av den politiske sektoren, enn til det militære apparatet. Evang sine konfliktar med Asbjørn Bryhn var òg ein del av bakgrunnen for at han måtte forlata stillinga, samstundes med at Bryhn på sin side måtte forlata stillinga som sjef for Overvåkningspolitiet[3].

Evang vart flytta til SACEUR i åra 1966-69. Deretter stod han til disposisjon for forsvarssjefen fram til han vart pensjonert i 1974.

Familie endre

Teologen Vilhelm Andreas Wexelsen var Vilhelm Evangs morfar. Vilhelm Evang var bror av Karl Evang.

Referansar endre

  1. «Vilhelm_Evang» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Olav Riste og Arnfinn Moland: Strengt hemmelig - Norsk etterretning 1945-1970, Universitetsforlaget ISBN 82-00-12769-9, s. 331-343
  3. http://www.sno.no/files/documents/112232.pdf

Bakgrunnsstoff endre