Vilhelm Andreas Wexelsen

norsk politikar og prest

Vilhelm Andreas Wexelsen (5. juni 18499. juli 1909) var ein norsk teolog og politikar for Venstre. Han var biskop i Trondheim, og kyrkjestatsråd i to regjeringar. Frederik Wexelsen var far hans, revyartisten Per Kvist sonen.

Vilhelm Andreas Wexelsen

Fødd5. juni 1849
Klæbu kommune
Død9. juli 1909 (60 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkeprest, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
BarnPer Kvist
Alle verv

Liv og gjerning endre

Wexelsen var fødd i Klæbu, der far hans var prest. Sjølv vart han student frå katedralskulen i Trondheim i 1867, og vart cand.theol. ved Universitetet i Oslo i 1872. Personalkapellan i Sparbu 1873, og stiftskapellan i Trondheim i 1876. Han var deretter sokneprest i Kolvereid frå 1877 til 1884, og i Overhalla frå 1884 til 1891. Wexelsen var ordførar i Kolvereid i åra 1878–84, og i Overhalla frå 1889 til 1891.

Wexelsen var stortingsrepresentant 1882–91 og 1895–1900. Han representerte Nordre Trondhjems amt alle periodane, unnateke den siste, 1898–1900, då han var innvald for Trondheim og Levanger. Fyrste gongen han møtte på Stortinget, 23. mai 1882, var han varamann for Ole Welde. Han hadde då plass ut sesjonen, og hadde sete i militærkomiteen. På seinare tingsamlingar hadde han fast plass, ofte vald til 2. representant. Han var sekretær i kyrkjekomiteen 1883–89, formann i same 1890–91. Medlem av valkomiteen 1890, 1895–98 og av kyrkjekomiteen 1895–97.

I kyrkje- og kulturspørsmål vart Wexelsen rekna som grundtvigianar. Saman med Lars Oftedal og fire andre stortingsmenn sette han i 1884 fram eit forslag som mellom anna opna for at lekfolk skulle få tale i kyrkja. Forslaget vart vedteke av Stortinget, men nekta sanksjon av departementet.[1] Også gjennom sitt forfattarskap hadde Wexelsen ein framskoten plass i arbeidet med å reformere den norske kyrkja. Han stridde også for målsaka, var 1894–98 formann i Det norske Samlaget.

Frå 1891 til 1893 var Wexelsen statsråd og sjef for kyrkjedepartementet i Johannes Steen si fyrste regjering. Han var kyrkjeminister på ny frå 1898 til 1903. I 1898 sende han ut "Instruks angaaende brugen af lappisk og kvænsk som hjælpesprog ved undervisningen i folkeskolen, hvor dette af kirkedepartementet er tilladt i henhold til landsskolelovens § 73, 2 led." Ifølge denne instruksen skulle samiske og kvenske elevar berre undervisast på norsk, og samisk og kvensk skulle «ikke Bruges i videre udstrækning, end forholdene gjør uomgjængelig fornødent.» Denne fornorskingsinstruksen var gjeldande heilt til om lag 1960, og blei etter ministeren kalla «Wexelsen-plakaten».

Wexelsen var skuledirektør i Trondhjems stift frå 1896 til 1898. Han var elles formann for fattiglovkommisjonen av 1896. I 1905 vart Wexelsen biskop i Trondheim. Som biskop stod han føre kroninga av kong Haakon i 1906. Han døydde i Trondheim allereie i 1909.

Verk endre

  • Fra presten Fredrik Wexelsens liv og gjerning 1904
  • Folkekirke og kirkeforfatning 1908

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Molland, s. 262.