Vilhelm Nagel

stortingsrepresentant

Vilhelm Edvard Karl Nagel (2. oktober 187010. juli 1938) var ein norsk kontorist og politikar frå Kristiania. Perioden 1913-15 sat han på Stortinget, vald på Det norske Arbeidarparti sitt program.

Vilhelm Nagel
Fødd2. oktober 1870
Christiania
Død10. juli 1938 (67 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Nagel var son til ein faktor. 16 år gammal vart han tilsett ved kontoret til jarnbanestyret i hovudstaden som kontorbod. I 1898 fekk han stilling som fullmektig og i 1908 som bokhaldar, då ved jarnbanekontoret i Drammen.

Nagel var medlem 1908-09 i skulestyret i Kristiania og frå 1911 i Drammen, der han i 1912 vart vald til formann. Han representerte einmannskrinsen Strømsø og Tangen på Stortinget 1913-15, han var då sekretær i Gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder endre