Vilhelm Sandberg

norsk prest og politikar

Vilhelm Sandberg (11. oktober 18097. januar 1871) var ein norsk prest og stortingsmann fødd i Onsøy.

Vilhelm Sandberg
Fødd 11. oktober 1809

Onsøy

Død 7. januar 1871

Sandberg var son til ein klokkar og voks opp i Fredrikshald. Han vart student i 1827 og cand. theol. i 1834. I desse åra pleia han nært vennskap med Henrik Wergeland, og var mellom anna aktiv i «Stumpefeiden». Fyrst i 1847 fekk han seg stilling som sokneprest, då i Lenvik. År 1853 flytta han til tilsvarande embete i Skjerstad, eit embete han styrte til han døydde.

Sandberg var 2. varamann til Stortinget 1857-58 for Finmarkens amt. Han var 3. representant for Nordlands amt på Stortinget i 1868-69, medlem av Lagtinget og næringskomite nr 1. Ordførar i Skjerstad 1863-66.

Han døydde på prestegarden i Skjerstad i 1871.

KjelderEdit

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914