Frans Wilhelm Pörhölä (24. desember 189728. november 1964), kjent som Ville Pörhölä, var finsk friidrettsutøvar. Han vart olympisk meister 1920 i kulestøyt og europameister 1934 i sleggjekast.

Ville Pörhölä


Statsborgarskap Finland
Fødd 24. desember 1897
Nedertorneå
Død 28. november 1964 (66 år)
Uleåborg
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1932, Sommar-OL 1936, Sommar-OL 1924, Sommar-OL 1920

Pörhölä deltok i tre øvingar under Sommar-OL 1920 i Antwerpen. Han vart nummer åtte i diskoskasting og nummer ni i vektkasting, I kulestøyt støytte han 14,81 meter og vann tevlinga med ein margin på heile 75 cm til sølvvinnaren, landsmannen Elmer Niklander. Fire år seinare enda han på sjuandeplassen i kule-tevlinga ved Sommar-OL i Paris.

Etter nokre år utanfor idrettsbana, byrja Pörhölä i 1929 å trene sleggjekasting. I den øvinga vann han sølvmedaljen ved Sommar-OL 1932 i Los Angeles med eit kast på 52,27 meter, irske Patrick O'Callaghan kasta 53,92 m og tok gullmedaljen. Under den aller fyrste europameisterskapen i friidrett, i Torino i 1934, vann Pörhölä gull i sleggjekast med 50,34 m, italienaren Fernando Vandelli fekk sølv med sine 48,69 m.

Kjelder

endre