Villvin
Villvin
Villvin
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vitales
Familie: Vinrankefamilien Vitaceae
Underfamilie: Vitoideae
Slekt: Villvinslekta Parthenocissus
Art: Villvin P. inserta
Vitskapleg namn
Parthenocissus inserta

Villvin (Parthenocissus vitacea) er ein lauvfellande lian i villvinslekta som har ei krypande og seinare klatrande vekstform. Planten stammar frå Nord-Amerika, men blir dyrka som hageplante fleire stader i verda.

Beskrivelse endre

Borken er først glatt og lysegrøn med raude bladfeste. Seinare blir han gråbrun, og gamle greiner kan ha grå, oppsprekkande bark. Knoppane er lysegrå og kjegleforma. Ovanfor bladet sit ein lysegrøn slyngtråd som er spalta ut i to spissar.

Blada er sammensette og femfingra. Bladranden er grovtakka, og oversida til bladet er mørkegrøn og blank, men rynkete. Undersida er lysegrøn og hårlaus. Blomstringa finn stad i juli-august, med lysegrøne blomar i små, uregelmessige klasar. Fruktene er mørkeblå og kulerunde med ein diameter på 5–7 mm. Dei har fleire kjerner.

Planten kan klatra opptil 20–30 m i vill tilstand. I Norden er høgda og breidda typisk 15 x 3 m, med ein årleg tilvekst på 75 x 15 cm.

Opphav endre

Arten er utbreidd frå søraustlege Canada og over det meste av USA, bortsett frå på vestkysten og søraustlege delar. Han finst som botndekke eller klatreplant både i skuggefulle og opne område.

Villvin er nært i slekt med og minnar om klatrevillvin (Parthenocissus quinquefolia), men dei to artane skil seg gjennom klatremåten. Villvin slyngar seg rundt andre plantar som buskar og tre, medan klatrevillvin bruker hefteskiver som kan setja seg fast på glatte overflatar som berg og mur.

Kjelder endre