Vincens Budde (16601729) var ein norsk soldat.

Vincens Budde
Fødd1650
Død13. april 1729
Ranggeneral

Av ei dansk-baltisk adelsætt, og i dag betrakta som Armfeldts besigrar, vert general Budde truleg mest hugsa for ein liten sosiologisk studie, merkeleg skarp, som andlet lyst opp av snøen på grensefjellet Skardørene: I året 1713 vart 5000 norske soldatar nedsende til Danmark. Budde sa då til den danske generalen der nede: "Jeg har i en bataljon tvende bønderkarle, som siges for vist at være nedstammede fra et av de ældgamle norske kongelige huse; deres ansigter og miner ere saa kjendelig distingverede, at Eders. exell. selv kan udfinde dem." Jau, den danske generalen stilte gutane opp, og kjende dei to straks blant fleire hundre.

Budde var då oberst og og sjef for same regiment som far sin: 2. Tronhjemske, det seinare IR 12, Sør-Trøndelag infanterriregiment, først oppretta som Ålen kompani under gjenerobringa av Jemtland i 1657. Det var første bataljon av dette regiment som vart nedsendt og besiktiga. Bataljonen forsvarte i 1716 under Landsberg Halden mot Karl 12., medan Budde i spissen for dei tre andre bataljonane storma Moss. Budde var vidgjeten for styrken sin. Regimentet elska Budde, og Budde elska sitt regiment. I 1718 vart Budde kommanderande general i Trøndelag, og var det til han døydde elleve år seinare. Han vart ei vandresegn mellom snøskavlane, og Tydalens bønder tyktest lenge å høyre ekkoet av generalens glade latter.

Bakgrunnsstoff endre